Ingen utsikt til snarleg lette i helikopterstøyen

To år etter at Avinor sende ut eit forslag til kommunane med tre nye innflygingstrasear for helioptertrafikk over Fjell og Sund, er enno ingenting avgjort.

Å finna trasear over Sotra for helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen som utset færrast mogeleg innbyggjarar for støyplager, har vist seg å by på problem. Arkivbilete.

Innbyggjarane i Fjell og Sund, og særleg i Straume-området, er mektig lei av all støyen frå helikopter som flyg lågt over heimane deira på veg til og frå installasjonane i Nordsjøen.

På det verste i sommar vart det talt heile ni overflygingar over Straume/Bildøy i løpet av ein time.

Unngå befolkningskonsentrasjonar

Dette kartet var Avinor sitt utgangspunkt for diskusjonen om korleis helikoptertrafikken i framtida kan passera over Sotra utan å gå over det som i dag er tett befolka område.

På bakgrunn av eit kart over befolkningskonsentrasjonar i Fjell og Sund, sende Avinor sommaren 2016 eit forslag til kommunane med tre nye innflygingstrasear. Desse er framleis under justering, kjem det fram av ei løypemelding frå Avinor til kommunestyret i Sund.

Les: Slik vil Avinor unngår helikopter over tett befolka Litle Sotra

Fastlegging av trasear for inn- og utflyging over Bildøy er eit tema som særleg har vekt debatt, framkjem det av referatet frå Avinor. Her må inn- og utflygingstraseane tilpassast også til det framtidige byggjeområdet, har Fjell kommune kravd.

Forseinka
Utviklinga av nytt helikopterkonsept er ei kompleks oppgåve, noko som har ført til at Avinor har blitt forseinka med kartlegginga av støy i dei nye traseane, beklagar Avinor.

– Avinor prøver å redusera støybelastninga for så mange som mogeleg, og først og framst for dei som bur her no, skriv luftfartsorganisasjonen.

36 prosent færre innbyggjarar vil verta direkte utsette for støy frå offshore helikopter som følgje av dei nye forslaga til trasear, hevdar Avinor.

Med ”direkte utsette”, meinar Avinor alle som er busette i ein avstand på inntil 500 meter i kvar retning frå traseane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.