Interessekonflikter i kystsona

Miljøvernaktivisten Kenneth Bruvik skal koma med skråblikk på interessekonfliktane og planleggjarane sine mange utfordringar i sjø- og strandsona under den årlege plankonferansen i Hordaland.

Akvakultur, fiskeri og bygging i strandsona vert tema for årets plankonferanse i Hordland. Miljøvernaktivisten Kenneth Bruvik er invitert til å koma med skråblikk på dei mange interessekonfliktane.

Hordaland fylkeskommune, saman med fylkesmannen i Hordaland, inviterer årleg til ein konferanse om utfordringar og overordna retningsliner i tilknyting til planlegging av arealbruken i fylket. Oppslutnaden om konferansen aukar årleg. I fjor deltok nærare 250 personar frå kommunar, fylkesadministrasjon og utbyggjarar.

Trafikklys-modellen
Å skissera forslag til ein strategi for framtidig bruk av den lange kystsona i nye Vestland fylke vil vera overordna tema for årets konferanse som går av stapelen i Bergen 23. og 24. oktober.

Hordaland har status som raud sone for vekst i oppdrettsnæringa. Fylkesplanleggjarane tek utfordringane tidlegare fiskeriminister Per Sandberg sin trafikklys-modell reiser på alvor. Korleis planleggja for akvakultur og fiskeri i raud sone, spør fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Interessekonfliktane vil verta belyste gjennom døme mellom anna frå kystsoneplanen for Sunnhordland og ytre Hardanger, Troms og Møre og Romsdal.

Betre kunnskap
Kva typar tiltak bør få grønt eller raudt lys for vidare planlegging? Kvar? Og på kva vilkår? Kva nytte kan planleggjarane ha av betre kunnskapar om økosystema i dei einskilde områda?

Kommunalt sjølvstyre
Handteringa av konfliktane som lett oppstår mellom kommunalt sjølvstyre og overordna planlegging i sjø vil verta belyst av jusprofessor Ingunn Mykjebust ved Universitetet i Bergen.

Andre dagen kan deltakarane velja mellom tre parallelle sesjonar:
Akvakultur – planlegging i dag og i framtida
Strandsona – ressurs og utfordring i planlegginga
Kunnskap – grunnlag for planlegginga

Du kan lasta ned programmet for årets plankonferanse her

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.