Vil ut av raud sone

Korleis sikra vekst for havbruket i raud sone? Kommunestyret i Fjell ønskjer å bruka 400.000 kroner av det nye Havbruksfondet for å finna svaret.

Oppdrettsverksemdene i regionen kan verta nøydde til å redusera mengda biomasse i merdene, om kystkommunane ikkje kjem seg ut av «raud sone». Arkivfoto: Morten Wanvik.

Plasseringa av kystkommunane vest for Bergen i det Fiskeriministeren kallar «raud sone for havbruk» inneber eit hinder for vidare vekst for oppdrettsverksemda i Fjell, Sund og Øygarden.

Om ein lar vera å handla, risikerer havbruksverksemdene i regionen å måtta redusera produksjonen med seks prosent neste år.

Les: Lokalt havbruk har fått vekstforbod

Regionrådet har drøfta moglege tiltak med havbruksnæringa og med Hordaland fylkeskommune. For å koma ut av den leie situasjonane treng ein auka kunnskap om korleis havbruksnæringa kan sikrast ei berekraftig drift, er det semje om.

Kommunestyret i Fjell gjekk i dag samrøystes inn for å bruka 400.000 av det nye Havbruksfondet til ein mogelegheitsstudie som skal greia ut problemstillinga.

Les: Deler 41,2 laksemillionar

Sund og Øygarden vil gjera tilsvarande vedtak, slik at det totalt vil verta sett av 1,250 millionar kroner til føremålet.

Oppdraget for gjennomføringa av mogelegheitstudien skal lysast ut offentleg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.