Skal skriva gards- og slektsoge for Øygarden i seks bind

Hernar og Herdlevær er bygder som vil verta framheva som åstad for historiske hendingar i gards- og ættesoga for Øygarden.

På Hernar har det budd storfolk i mange generasjonar. Aslak frå Hernar drog saman med Sigurd Jorsalfar på krosstog til Konstantinopel.

Fjell, Sund, Radøy, Austrheim, ja sjølv Fedje har forlengst fått sine gards- og slektshistoriar. No skal gards- og ættesoga for Øygarden og skrivast, omsider.

Det første av dei seks binda skal omfatta dei aller norste bygdene, frå Nordøy, Hernar og Skjold, og vil verta ferdig til 2020, lovar Kjell Alvheim som er leiar for sogelaget i kommunen.

– Slekt er utruleg viktig, både for utvandra nordmenn og for våre nye landsmenn. No er det på tide at vi nordmenn får tilbake interessa, oppfordrar leiar Kjell Alvheim i Øygarden sogelag.

Slekt er viktig
– Slekt er viktig. Slektshistoria er noko av det beste du kan gje ein utflytta nordmann i USA. Familietilknytinga er utruleg viktig og for våre nye landsmenn, seier Alvheim som i går gav eit 30-tals forvetningsfulle øygardsstrilar smakebitar på kvifor dei og bør bry seg om slektshistoria si.

Sjølv er Alvheim gammal nok til at han vaks opp før elektrisiteten kom til Alvheim. Skumringstimane med bestemor som historieforteljar prega dei tidlege barneåra.

Internasjonalt
Nærleiken til Hjeltefjorden gav tidleg øygardsstrilen ei internasjonal orientering. Hjeltefjorden er sjøvegen til Hjaltland (Shetland). Den tida sjøvegen var det som bandt saman, fann det stad ei utstrekt reiseverksemd, i Norge, over Nordsjøen og utover i Europa.

Nyare DNA-forsking har gjeve ny kunnskap om reiseverksemda til forfedrane våre. Mange av oss har keltiske genar, eller samiske genar, eller jødiske, hevdar Alvheim.

Frå Hernar
Ein av dei første ”sydenturistane” ein kjenner til er Aslak frå Hernar. Han var ein stormann i samtida, og med Sigurd Jorsalfar på korstog til Konstantinopel. Undervegs rydda dei Ibiza og Menorca for muslimar. Vel heimkomen var han ein av dei første ein veit om som sette pengar til kjøp av eigedom i Bergen. Truleg hadde stormannen eiga kyrkje på Hernar, ifølgje Alvheim.

Rikhaldig kjeldemateriale
Kyrkjebøker, tingbøker, skifteprotokollar og soldatrullar utgjer noko av det rikhaldige kjeldematerialet som no skal gjennomgåast og samanfattast.

Øygardshistoria er rik og mangfaldig. Naturkatastrofar og utrustning til korstog. Ekteskap og uekte ungar, godt vaksne konfirmantar med skjegg, kriterier for å søkja lærarutdanning kring 1800, ærekrenkjingar, drap og blodskam høyrer med.

Undervegs kan det vera at dei kjem til å skjela til eksisterande litteratur, både som kjeldemateriale, men og så diskusjonsgrunnlag.

Les: Mellom havet og byen

Med dåtida sine auge
– Hendingane vil verta fortalde, sett med dåtida sine auge. Slik vil vi kunna forstå korleis dei tenkte, er Alvheim sin ambisjon.

Dei fire første binda skal omfatta gards og ættesoga så langt tilbake det er mogeleg å koma. Deretter kjem to bøker som skal ta for seg den generelle historia til kommunen, frå Blomvågen vart isfri for 15.000 år sidan og fram til kommunesamanslåinga med Fjell og Sund.

Treng informasjon
Men all informasjon finst ikkje tilgjengeleg i arkiva. Skal den nyare slektshistoria verta mest mogeleg komplett, er dei avhengig av at innbyggjarane bidreg, seier Alvheim.

Samtlege øygardsstrilar vil snart få tilsendt eit spørjeskjema der dei kan fylla inn namn på foreldre, søsken og ungar fødde etter 1920.

Biletmateriale, av personar og hus, frå kvardag og fest, er ein annan ting sogelagsleiaran oppfordrar øygardsstrilane om å bidra med. Sogelagsleiaren har alt starta utarbeida ønskjeliste.

Bileta vil verta kopierte, og leverte tilbake til eigarane, forsikrar Alvheim.

12 millionar
Øygarden kommune har løyvd 12 millionar til prosjektet. Yngve Nedrebø er hyra inn til å gå gjennom det som finst av arkiv. Kenneth Bratland, som mellom anna har skrive gards- og ættesoga for Radøy, er henta inn som forfattar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.