Arbeidsløysa synk, men aukar i Fjell

Talet på arbeidsledige i Fjell går motsett veg av utviklinga i resten av regionen og i fylket.

Den positive utviklinga på arbeidsmarknaden held fram i september, men i redusert tempo. Samla for Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er det no registrert 1.222 personar utan arbeid, 20 færre enn ved utgangen av august.

Positivt i Øygarden
Mest positiv har utviklinga vore i Øygarden siste månaden. Ei arbeidsløyse på 4,1 prosent inneber likevel at kommunen framleis har den høgaste prosentvise ledigheten i fylket, ifølgje NAV.

Talet på ledige i Øygarden gjekk ned frå 116 til 101 personar i september. 15 færre ledige inneber ein reduksjon på 12,9 prosent samanlikna med situasjonen ved utgangen av august.

Motsett veg i Fjell
Utviklinga på arbeidsmarknaden i Fjell går motsett veg av utviklinga i resten av regionen. Sidan forrige månadsskifte har 22 fleire fjellsokningar mista jobben, tilsvarande ein auke i arbeidsløysa på 4,3 prosent.

Ved utgangen av september er 534 fjellsokningar registrerte som arbeidsledige hos NAV. 491 av dei er heilt ledige, 43 går på ulike formar for tiltak, framkjem det av dagens oversikt.

Sund og Askøy
I Sund er det åtte færre ledige ved utgangen av september enn for ein månad sidan. 163 ledige inneber at den registrerte arbeidsløysa i kommunen er på 4,1 prosent.

I Askøy har 19 fleire personar kome i arbeid siste månaden.

Spesielle tiltak
– Lav ledighet og ein god arbeidsmarknad betyr at forholda ligg til rette for å hjelpe dei som står lengst frå arbeidslivet, seier fungerande fylkesdirektør i NAV Hordland, Tommy Johansen i ei pressemelding.

NAV vurderer no spesielle tiltak mot ungdom, og mot ledige som ikkje er registrert hos NAV, avdi dei ikkje har rett på nokon form for stønad.

Les: Framleis på ledighetstoppen

Arbeidsløysa september 2018 Heilt ledige sept. På tiltak sept. Totalt sept. Totalt august 2018 Utvikling august – september % utvikling
Sund 146 9 155 163 -8 -4,9
Fjell 491 43 534 512 22 4,3
Askøy 393 39 432 451 -19 -4,2
Øygarden 97 4 101 116 -15 -12,9
1127 95 1222 1242 -20 -1,6
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.