Kommunane må planleggja for klimaendringar

Fylke og kommunar må ta høge for klimaendringar når dei planlegg bustadområde, næringsbygg, grøntområde og rørleidningar, krev Regjeringa.

Kommunane må ta høgde for klimaendringar som tørke og flaum i planlegginga, krev kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

-Det er viktig at klimatilpassing vert ein vesentleg del av offentleg planlegging, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Tørke og flaum
– Vi ser alt konsekvensane av klimeendringane, både med tørke og flaum. Det er heilt avgjerande at fylker og kommunar teke høgde for klimaendringar i planlegging av alt frå bustadområde, næringsbygg, grøntområde og rørleidingar til nye helseutfordringar, seier klima og miljøminister Ola Elvestuen.

Klimatilpassing
Gjeldande retningsliner for klima og energi skal utvidast til og å omfatta klimatilpassing, vedtok Regjeringa før helga.

Dei nye retningslinene gjev føringar for korleis klimatilpassing skal verta ivareteke i den offentlege planlegginga.

Nye retningsliner
Gjennom planlegginga skal kommunar, fylkeskommunar og staten bidra til reduksjon av utslepp av klimagassar, avgrensa eller hindra ulemper som følgja av klimaendringar, og dra nytte av eventuelle fordelar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.