Manglar 12,7 millionar til Sykkel VM

Eitt år etter Sykkel VM, har Hordaland fylkeskommune fått klar rapporten over kostnadane i samband med avviklinga av meisterskapen.

Sykkel VM vart den folkefesten arrangørane lova, rekninga er enno ikkje oppgjort.

Rapporten, som fylkesrådmannen skal leggja fram for fylkestinget i Bergen i dag, viser at fylkeskommunen sine totale kostnadar i samband med avviklinga av meistarskapen kom på 29,4 millionar kroner.

Av dette utgjer dei udekka kostnadane 12,7 millionar kroner, melder fylkesrådmannen.

Skyss gjorde ein kjempeinnsats den veka meisterskapen varte. Heile 18,1 millionar av kostnadane skriv seg frå ekstraordinære kollektivtiltak. Største utfordringa kom søndag 24. september. For at flest mogeleg skulle kunna koma seg fram vart det denne dagen sett inn heile 92 ekstra bussar, i tillegg til auka frekvens på Bybanen og på båtane til Nordhordland og Askøy.

200,000 fleire reisande, samanlikna med same perioden i 2016, bidrog til at inntektene steig med 26 prosent, tilsvarande 5,2 millionar kroner.

Naudsynte utbetringar som statens vegvesen utførte på fylkesvegane i Bergen, Fjell, Øygarden og Askøy kom på 8,5 millionar kroner.

I forkant av meisterskapen løyvde fylkeskommunen 2,5 millionar kroner til ulike kulturarrangement i kommunane.

For å få avklart juridiske spørsmål i tilknyting til Sykkel VM hyrte fylkeskommunen inn advokat. Dette kosta 300.000 kroner.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.