No har fylkestinget sagt sitt om tomtevalet

Fylkestinget i Hordaland har vedteke at ny vidaregåande skule for Sotra skal byggjast i Stovevatnet.

Fylkestinget i Hordaland satsar på at framdrifta av Sotrasambandet vil gå som planlagt, og at utfyllinga i Stovevatnet vil vera klar tidsnok til at ein ny samla vidaregåand skule for Sotra kan stå ferdig i 2024.

Det var først og framst lokaliseringa som avgjorde tomtevalet. Stovevatnet vil vera veldig godt tilgjengeleg også for elevar frå Bergen og Askøy, ifølgje Emil Gadolin (A).

Forvirring i media
Når det gjeld økonomi, har det vore eindel forvirring i media. Økonomisk sett er Stovevatnet midt på treet, hevda Gadolin.

Følgja skulebruksplanen
Skulebruksplanen bør følgjast. Ein ny samla vidaregåande skule for Sotra bør stå ferdig i 2024, slik fylkestinget har vedteke, var fylkestinget samde om.

Alternativ løysing
Eit mindretal, med Høgre, FrP og ein uavhengig representant, ville ha Bildetangen som alternativ, i tilfelle framdrifta på Sotrasambandet utset klargjeringa av utbyggingsområdet i Stovevatnet.

Les: Klarte ikkje snu fylkesutvalet

Aust for rådhuset
Fleirtalet vedtok i staden at tomt 46, området aust for Fjell rådhus, skal vera alternativ lokalisering for ein samla ny vidaregåande skule i tilfelle Sotrasambandet dreg ut i tid.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.