Nytt beredskapssamband i nye Øygarden

Kan ferjesambandet Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad verta nytt beredskapssamband for nye Øygarden?

Kva skal til for at ferjekaien på Klokkarvik skal kunna inngå i eit framtidig beredskapssamband for nye Øygarden? (Foto: Wikepedia).

Spørsmålet er tema for eit ope medlemsmøte i nye Øygarden FrP torsdag 4. oktober.

Det har i fleire år vore jobbe med å få ferjesambandet Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad inn som beredskapssamband i regionen. Ordførar i Sund, saman med innbyggjarane på øyane, er mellom dei som har vore tungt involverte i arbeidet.

Kva er status for arbeidet? Kva krav vert stilte til eit beredskapssamband? Korleis vert prosessen vidare?

Arrangørane har invitert ordførar Kari Anne Landro saman med bebuarane på Lerøy og Bjelkarøy for å leggja fram sine synspunkt.

For å få til breiare forankring kring prosjektet er og ordførarane i Fjell og Øygarden invitert.

Det opne medlemsmøtet i nye Øygarden Frp vert halde på kommunehuset i Skogsskiftet, kl. 19.00.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.