Tunnelsyn vert ny – har du forslag til nytt namn?

Straumsundet AS, som gjev ut nettavisa Tunnelsyn.no, er i ferd med å henta inn frisk kapital frå eksterne aksjonærar. I den anledninga lyser vi ut ein namnekonkurranse.

Måsen er symbolet på ein fri medikanal som kan tillata seg å sjå hendingane ovanfrå.

Det skjer mykje positivt kring nettavisa Tunnelsyn og utgjevarverksemda Straumsundet AS om dagen.

Frisk kapital
Teikninga av ny aksjekapital har fått ein pangstart, og buet av Straumsundet AS er henta tilbake frå skifteretten.

Det er inngått avtale om utvikling av nytt og meir tidsmessig design, med utvida mogelegheit for plassering av annonser.

Identitet
I ein slik omfattande fornyingsprosess er det naturleg å spørja: Bør nettavisa framleis heita ”Tunnelsyn”, eller bør vi skifta namn?

Identitet er viktig, har striden om namn på den nye kommunen vist. Om du tenkjer at ”Tunnelsyn” er eit namn med stoppeffekt, så er dette rett anledning til å seia frå.

Namnekonkurranse
Redaktøren vil svært gjerne ha tilbakemelding frå lesarane. Om du meinar vi bør nytta høvet til å skifta namn: Kva bør i så fall nettavisa heita?

Namnekonkurransar engasjerer. I første omgang ber vi om å få tilsendt forslag til nytt namn på nettavisa. Send ein epost med namneforslaget ditt til tunnelsynred@gmail.com.

Dei beste forslaga vil gå vidare til ein ny konkurranse, og her lovar vi premie til ein av dei som stemte på vinnarnamnet.

Næringsliv, politikk og kultur
Den redaksjonelle profilen vil vera den same. Sotra og Øygarden skal framleis vera det primære dekningsområdet. Samstundes skal vi sjå regionen vestom Bergen frå utsida. Vi lovar å tilby den beste dekninga av det som skjer innan næringsliv, politikk og kultur.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.