Fiskeriministeren har merka seg Hav Line

Fiskeriminister Harald T. Nesvik lovar å følgja Hav Line sin slaktebåt nøye i tida framover.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik hadde gjerne sett at meir av fisken frå norske oppdrettsanlegg vert bearbeida i Norge. Foto: Nærings- og fiskeridepartementet.

Stortingsrepresentant Ruth Grung (A) er uroleg for at Hav Line AS sin statstøtta slaktebåt skal føre til utflagging av norske arbeidsplassar, og har teke temaet opp direkte med fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Les: Fryktar statsstøtta slaktefartøy vil flagga ut arbeidsplassar

No har Grung fått svar frå Nesvik.

Har merka seg Hav Line
Det er eit faktum at ein høg andel av norskprodusert oppdrettslaks vert eksportert som heil, sløygd fisk, og at vidare bearbeiding skjer i utlandet, medgjev fiskeriministeren. Helst hadde han sett at meir av den norskproduserte sjømaten vert bearbeida innanlands.

-Eg har merka meg framveksten av slaktebåtar generelt, og Hav Line sitt prosjekt spesielt, og eg vil følgja nøye med på korleis dette utviklar seg vidare, seier Nesvik.

Mange fordelar
Fiskeriministeren er ikkje overraska over at sjåmatnæringa tenkjer nytt og vurderer løysingar som kan effektivisera drifta og auka lønsemda. Hav Line prosjektet har fått 20 millionar i statstøtte frå Kystverket fordi dei meinar å kunna auka kvaliteten på fisken, redusera svinn og bidra til redusert klima- og miljøbelastning fordi båten bidreg til at det vert færre vogntog på norske vegar.

Aleine om konseptet
Hav Line er førebels einaste aktøren som planlegg å frakta laksen direkte til kontinentet med sin slaktebåt.

– Det står att å sjå korleis konseptet vil fungera, seier Nesvik.

-I framtida vil vi sjå eit mangfald av konsept og logistikkløysingar, men vi vil også vil ha ein betydeleg industri i Norge basert på bearbeiding av sjømat, seier Nesvik.

Hadde føretrekt meir bearbeiding i Norge
– Eg er oppteken av å leggja til rette for at meir bearbeiding av fisk skal skje i Norge, for å kunna skapa fleire arbeidsplassar og auka verdiskapinga i sjømatnæringa, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.