Planlegg tørkeanlegg for ureine massar

Å få tømt Mustadvatnet byr på utfordringar for byggjeleiinga i Sotrasambandet med all den nedbøren som no dett ned.

Mustadvatnet byrjar verta godt nedtappa, men enno vil det ta 2 – 3 veker før entrepenøren kan ta fatt på arbeidet med å tørka dynnet som har samla seg på botnen av vatnet gjennom mange hundre år. Teltet der tørkinga skal skje, skal reisast på ei fylling i høgre kant av biletet.

Drivinga av kabeltunnelen for omlegginga av høgspentsambandet til prosessanlegga i Øygarden går etter skjema, seier byggjeleiar Gunnar Gjerdingen i Statens vegvesen til nettavisa Tunnelsyn.no.

Avviser rykte
Byggjeleiaren avviser rykte om at lekkasje av forureina vatn frå Mustadvatnet ned i tunnelen under skal ha ført til stopp i tunneldrivinga.

– På Knarreviksida har vi no kome 150 meter inn i fjellet, seier Gjerdingen.

Ureine massar
Framdriftsplanen for Sotrasambandet legg opp til at dynnet som har samla seg på botnen av Mustadvatnet gjennom mange hundre år skal takast opp og fjernast frå området.

Tilrenning av kloakk, saman med avrenning frå oppsamlingsplassen på andre sida av vatnet, inneber at massane må handsamast som ureine massar, i henhald til forureiningslova.

Prosessen er godkjend av fylkesmannen, og stiller strenge krav, mellom anna til dokumentasjon, seier Gjerdingen.

– Vi er pålagt å sjekka ut graden av ureining i dynnet. Målingane vil avgjera om massane seinare kan køyrast til eit vanleg mottak, eller om dei må fraktast til godkjent deponi, utdjupar byggjeleiaren.

Tørkeprosess
Før massane kan køyrast vekk, må vatnet tømmast, og dynnet tørkast. Noko som har vist seg å by på utfordringar i alt haustregnet, sjølv med kraftige pumper, ifølgje Gjerdingen.

Sjølve tørkeprosessen skal skje i eit stort telt som entrepenøren planlegg å reisa ved enden av vatnet.

– Tørkeprosessen kan vonaleg ta til om 2 – 3 veker, seier byggjeleiaren i Statens vegvesen.

Unngå gneistar
På bysida er Gjerdingen mindre nøgd med framdrifta i tunneldrivinga. Der har dei så langt berre kome 3 – 4 meter inn i fjellet.

– Nærleiken til dagens høgspentliner krev at vi utviser stort varsemd i sprengingsarbeidet for ikkje å skapa gneistar som kan skada kraftoverføringa til Kollsnes og Sture, seier byggjeleiar Gunnar Gjerdingen i Statens vegvesen.

Begge kabeltunnelane skal stå ferdig 31. desember neste år, i henhald til kontrakten.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.