Øynar framtidig snarveg frå Sund til Sandsli

Kan Lerøy og Bjelkarøy få fastlandssamband til Hjellestad samstundes som dei beheld ferja til Klokkarvik?

Øybyar Johannes Baug (tv), ordførar Kari-Anne Landro (H) i Sund og ordstyrar Kenneth Eide (FrP) ser alle nye nogelegheitar opnar seg om Lerøy og Bjelkarøy får behalda ferga til Klokkarvik samstundes som dei får fastlandssamband til Hjellestad.

Det har vore mange hvis, om og men når det gjeld planane for eit fastlandssamband frå Lerøy og Bjelkarøy til Hjellestad. Ein av dei tinga ein til no har teke for gitt, er at eit fastlandssamband frå øyane ute i Krossfjorden og til Hjellstad vil føra til at ferga mellom Lerøy og Klokkarvik vert lagt ned.

Ferjeavløysingsmidlar vil kunna finansiera eit vegsamband frå Lerøy over Bjelkarøy til Hjellestad. Foto: Google Maps.

Les: Manglar 83 meter bru

Nye perspektiv
I den seinaste brevvekslinga mellom Samferdsledepartementet og Hordaland fylkeskommune opnar departementet for at det kan løyvast ferjeavløysingsmidlar også når eit ferjesamband vert korta inn, seier ordførar Kari-Anne Landro (H) i Sund. I går møtte ho innbyggjarane på øyane, på eit ope medlemsmøte i Øygarden FrP.

For Sund kommune og aksjonistane som lenge har kjempa for å få til eit fastlandssamband, opnar dette nye og spanande perspektiv. Øyane kan få både fastlandssamband til Bergen og behalda ferja til Klokkarvik.

– Sambandet vil kunna fungera som ein framtidig snarveg for reisande frå Sund til Flesland og Bergen sør, hevdar bebuar Kjell Arne Vardøy.

Beredskap

Skal ferjesambandet Klokkarvik – Lerøy og vidare til Bjelkarøy og Hjellestad kunna fungera i beredskapssamanhang, må kaien og oppstillingsplassen på Klokakvik rustast opp. Foto: Sveit Otto Jacobsen.

Sotra manglar i dag omkøyringsvegar til Bergen, noko som merkast svært tydeleg i tilfelle der Sotrasambandet er ute av drift. Kapasiteten på dagens Sundferje er begrensa til seks bilar. I eit krisescenario vil sambandet likevel kunna bidra i beredskapssamanhang, framkjem det av strategidokumentet KystROS frå 2014, ifølgje Daniel Victor Sandvik (FrP), som deltok i arbeidet.

Snarveg
Ei ny elektrisk ferje, raskare og med auka kapasitet, skal etter planen setjast inn i sambandet Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad ved neste årsskifte.

Når dei pågåande og planlagte vegarbeida på Bergenssida står ferdig, vil eit ferjesamband frå Klokkarvik, kombinert med eit fastlandssamband frå Bjelkarøy, kunna redusera reisetida frå Sund til Sandsli-/Kokstad-området vesentleg samanlikna med i dag.

Bompengar?
Ferjeavløysingsmidlane skal i utgangspunktet utløysa eit statleg tilskot tilsvarande kva det ville kosta å drifta eit ferjesamband i 40 år. Kor mykje ei nedkorting av dagens ferjesamband vil utløysa av statlege ferjeavløysingskroner til vegbygging er framleis usikkert, understrekar Landro.

– Fylkeskommunen si innvending om at rentekostnadane i nedbetalingstida vil vera ei belastning på fylkesbudsjettet, er rydda opp i. Regelverket er endra, kunne stortingsrepresentant Helge André Njåstad fortelja partifellene sine i Sund over Skype.

– Vi kan jo trø til med bompengar, ivra bebuar Kjell Arne Vardøy, og fekk mumlande protestar frå dei andre vel 20 frammøtte.

Må samordna planarbeidet
Manglande oppslutning frå Bergen si side om felles planarbeid, har til no vore eit av hindera for å verkeleggjera planane om eit fastlandssamband for øyane.

Stortingsrepresentant og partikollega Silje Hjelmdal, ”møtte” på Skype saman med Njåstad. Ho fekk i oppdrag å skunda på planlegginga på Bergens-sida.

Når det gjeld planarbeid, ser Sund-ordføraren og at ho har ein jobb å gjera. Å skapa forståing for sambandet hos politikarane i Fjell og Øygarden vil vera avgjerande for å få til ein felles offensiv ovanfor Hordaland fylkeskommune som har ansvar for fylkesvegane.

Skifte i politikken
Bebuarane på Lerøy og Bjelkarøy har kjempa for fastlandssamband til Hjellestad sidan 1960-talet.

Stadige skifte i regjeringspolitikken om vilkåra for løyving av ferjeavløysingsmidlar, har vore eitt av hindera, ifølgje Johannes Baug som frontar dagens aksjonistar.

Les: Stønadskutt trugar fastlandssambandet til Lerøy og Bjelkarøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.