Attfortel historia om bestefar sitt dramatiske skipsforlis

Fleire av slektningane til Roberta Estes var om bord då emigrantskuta De Zee Ploeg havarerte utanfor Herdla. Under eit besøk på Askøy nyleg fall dei siste brikkene i den dramatiske familiehistoria på plass for slektsforskaren.

På Herdla fekk Roberta Estes sjå minnesmerkjet over De Zee Ploeg-tragedien i 1817, den rekonstruerte modellen av seglskuta og gravene på kyrkjegarden.

 

De Zee Ploeg drog ut frå Amsterdam med 560 tyske emigrantar om bord med kurs for Amerika i 1817. Knapt hadde seglskuta forlate hamna før ho kom ut i eit forrykande uver.

Mange omkom
Med knekte master dreiv skuta langt ute av kurs. Etter ein månad utan styring havarerte ho utanfor Herdla. Mange av emigrantane omkom undervegs som følgje av dei fryktelege tilhøva om bord.

Men tragedien tok ikkje slutt sjølv om dei tilsynelatande var berga. Etter havariet vart skuta slept til Bergen der ho vart lagt i karantene på Sandviksflaket. Styremaktene i Bergen var redd for smittsame sjukdomar, og hindra emigrantane å gå i land.

Les: Flyktningekatastrofen på Sandviksflaket

Slektsforskar
Amerikanske Roberta Estes er etterkomar av ein av dei overlevande tyske emigrantane om bord på De Zee Ploeg, og hadde fleire andre slektningar med på skuta. Gjennom nitid grensking av tyske, norske og amerikanske arkiv har slektsforskaren pusla saman bitane til denne dramatiske delen av familien sin historie.

I bestefar sine fotspor
Under eit besøk på Herdla og i Bergen nyleg bokstaveleg talt gjekk ho i ”bestefaren” Jacob Lentz sine fotspor.

På Herdla fekk ho sjå minnesmerket som er reist over De Zee Ploeg, den rekonstruerte modelle av ulukkesskipet, gravene etter dei omkomne på kyrkjegarden, og videoen Herdla Museum har fått laga om korleis dei overlevande emigrantane vart møtte i Bergen.

Dei siste brikkene i denne delen av familiehistoria fall på plass.

Dramatisk familiehistorie
Den dramatiske historia har Estes attfortalt som ein dialog med ”bestefaren” Jacob Lentz. Hennar eigne tankar og opplevingar under besøket går som ein raud tråd gjennom heile forteljinga.

På bloggen til Roberta Estes kan du lesa attforteljinga hennar av dette dramatiske kapittelet i familiehistoria. Heilt frå forhistoria til at emigrantane såg seg nøydde til å forlata heimlandet, via skipstragedien i Bergen, til dei omsider nådde fram til det lova landet på andre sida av Atlanteren. (Forteljinga er på engelsk.)

Ekko frå Middelhavet
Høyrer du likskapen med dei historiane flyktningane fortel frå Middelhavet i dag?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.