Det er herifrå inntektene kjem

Auken i oljeprisen siste månadane inneber at den norske stat kan forventa å auka inntektene frå oljerelaterte aktivitetar i Nordsjøen med 44 milliardar kroner neste år.

Etter 50 år med olje-relaterte aktivitetar på norsk sokkel har staten tent meir enn 14.000 milliardar kroner. Statfjord A er ein av pengemaskinene. Foto: Harald Pettersen/Statoil.

Held oljeprisen seg på dagens nivå, kan Norge rekna med å henta 330 milliardar kroner i oljeinntekter i 2019, melder Norsk olje og gass i ei pressemelding.

-Den norverande regjeringa har ikkje avskrive olje- og gassektoren som framtidig satsingsområde, forsikrar finansminister Siv Jensen.

Heile 21,9 prosent av inntektene på statsbudsjettet neste år vil koma direkte frå olje- og gassverksemda, ifølgje interesseorganisasjonen.

Regjeringa tek høgde for at dagens høge oljepris ikkje vil halda seg gjennom heile året. I dagens framlegg til statsbudsjett vert det lagt til grunn ein oljepris i 2019 på 583 kroner pr fat. I dag er prisen 686 kroner per fat.

Etter 50 år med olje- og gassrelaterte aktivitetar på norsk sokkel, har nasjonen tent meir enn 14.000 milliardar kroner, ifølgje Norsk olje og gass.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.