Statsbudsjettet: Får 55 millionar meir å rutta med

Fjell vert ein av kommunevinnarane i Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019.

55,169 millionar kroner meir i statlege inntekter til Fjell kommune i 2019 utgjer ein prostvis auke på 4,2 prosent.

– Det går bra med Norge no, forsikrar finansminister Siv Jensen. For Fjell kommune betyr det at Regjeringa føreslår å auka dei frie inntektene med 4,2 prosent, tilsvarande 55,169 millionar kroner neste år. I Hordland er det berre Eidfjord og Os som vil få større auke i dei statlege overføringane.

Vert forslaget vedteke i Stortinget, vil Fjell få tilsaman 1.358.246 millionar kroner i statlege overføringar neste år.

Øygarden
Øygarden vil også få ein monaleg prosentvis auke i dei statlege inntektene. 9,391 millionar kroner tilsvarar ein auke på 3,4 prosent. Her legg Regjeringa opp til 287,375 millionar kroner i samla inntekter frå staten.

Sund
I Sund kan dei rekna med å få auka dei statlege inntektene med 11,486 millionar kroner. Etter 2,9 prosent auke i inntektene, vil sundsokningane ha 407.463 statlege kroner å rutta med.

Askøy
Dårlegast ut av kommunane i vest kjem Askøy. Kommunen med høgast lånegjeld per innbyggjar vil berre få ein auke i dei statlege overføringane på 2,8 prosent neste år. Ein auke i dei fri inntektene på 42,856 millionar inneber at kommunen kan venta å få 1.596.144 millionar kroner til drifta frå Staten.

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.