Statsbudsjettet: Vil auka løyvinga til CO2-fangst og lagring

Regjeringa ønskjer å setja av 175 millionar til å gjennomføra forprosjektering av to av dei tre fangstprosjektene  neste år.

Tenkjer langsiktig: – Naturgass kan splittast til hydrogen og CO2. Om CO2-en vert lagra trygt under havbotnen, kan hydrogen verta brukt som nullutsleppsenergi i husholdningar, kraftverk og i delar av transportsektoren som ikke kan elektrifiserast. Dette kan verta ein stor industrimulighet for Norge, seier Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, administrerende direktør i Norsk olje og gass i ein kommentar til Regjeringa sin investeringsplan.

Dei to fangsprosjekta Regjeringa ønskjer å løyva pengar til, er Fortum Oslo Varme og Norcem sin sementfabrikk i Brevik.

CCB Kollsnes
I tillegg skal Equinor, Shell og Total få midlar til å gjennomføra forprosjektering av transport- og lagerprosjektet, melder olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (FrP) i ei pressemelding.

Gjennomføringa av transport- og lagringsprosjektet vil vera eit viktig steg i retning av å utreia det planlagte mottaksanlegget ved CCB Kollsnes i Øygarden.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Fangst og lagring av CO₂ er eitt av regjeringa sine fem prioriterte innsatsområder i klimapolitikken.

– Regjeringa har ambisjon om å realisera ein kostnadseffektiv løysing for fullskala CO₂-handtering i Norge, føresett at dette gjev teknologiutvikling i et internasjonalt perspektiv, seier Freiberg og legg til at han ser fram til å ta mot resultatene frå dei pågåande studia.

Les: Negativ K2-rapport om CO2-fangst

Etter planen ønskjer Regjeringa å gjera endeleg vedtak om ei fullskalasatsing ein gong i løpet av 2020/2021.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.