Fylkeslækjaren vil ha færre blodpropp-tilfelle

Fleire pasientar bør få individuelle vurderingar av risikoen for å få blodpropp, tilrår fylkeslækjar Helga Arianson i Hordaland.

Ambulanse. Illustrasjon: Wikipedia.

Pasientar som får blodpropp medan dei er under medisinsk behandling er eit gjentakande tema i klagesakene fylkeslækjaren i Hordaland får på bordet.

I nokre av tilfella har blodproppen sett seg i lungene og ført til lungeemboli, noko som kan vera livstrugande.

Vil ha færre tilfelle
I von om å få ned talet på blodpropp-tilfelle i helsevesenet går fylkeslækjaren no ut å tilrår at fleire pasientar bør få ei individuelle lækjarvurdering av risikoen i situasjonar der dei er ekstra utsette.

Åtvarar mot ukritisk bruk av blodfortynnande
Ikkje alle med høg risiko bør behandlast likt. Blodfortynnande medisin kan i einskilde tilfelle føra til blødningar og gjera vondt verre, åtvarar fylkeslækjaren.

Nyutskrivne
Pasientar som er nyutskrivne frå sjukehus, men som framleis er prega av tilstanden, og pasientar som får vidare behandling heime, til dømes med gips, er grupper fylkeslækjaren framhevar som ekstra risikoutsette. For slike pasientgrupper bør lækjarane gjera individuelle risikovurderingar, tilrår Arianson.

Risikofaktorar
Generelt vil personar som har blitt operert, eller som over noko tid blir sitjande eller liggjande mest i ro som følgje av ein medisinsk tilstand, ha auka risiko for å få blodpropp.

Røyking, høg alder, alvorleg overvekt og kreftsjukdom kan og føra med seg risiko for blodpropp. Også andre sjukdommar og arvelege tilstandar kan vere risikofaktorar, åtvarar fylkeslækjaren.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.