Føreslår å starta arbeid med kommuneplan for nye Øygarden

Arbeidet med kommuneplan for nye Øygarden bør starta tidleg i 2020, tilrår prosjektrådmann Rune Lid politikarane i Fellesnemnda.

Arbeidet med ein kommuneplan for nye Øygarden som skal spre dei gule felta utover i kommunen bør starta så tidleg som mogeleg i 2020 i følgje ei sak til neste møte i Fellesnemnda.

Ein ny kommuneplan må omfatta arealdel, samfunnsdel og føresegner.

Visstnok  hastar det med å koma i gang med arbeidet, då planarbeidet i eksisterande kommunar ligg i «dvale», ifølgje Ernst Morten Einarsen (H).

Gjeld inntil vidare
Når kommunar slår seg saman, vil vedtekne kommuneplanar fungera som gjeldande kommunedelplanar inntil ein ny felles kommuneplan vert vedteken. Arealdelen vil framleis vera juridisk bindande.

Planstrategi
Før arbeidet med ny kommuneplan kan ta til, må det nye kommunestyret verta samde om ein planstrategi for den nye kommunen. Her bør og planprogrammet for ein ny kommuneplan innarbeidast, tilrår Lid.

Status
Alle dei tre kommunane har i dag vedtekne kommuneplanar:
Øygarden sin kommuneplan med arealdel, samfunnsdel og føresegner vart vedteken i 2014.

I Sund vedtok dei arealdelen med føresegner i 2011. Samfunnsdelen vart vedteken i fjor. Arealdelen og føresegnene er under revisjon og vert forventa ferdig neste år.

Fjell sin kommuneplan med føresegner er frå 2015. Kommunen manglar samfunnsdel, men har kommunedelplanar og temaplanar som til ein viss grad overlappar oppgåvene til ein samfunnsplan.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.