Krev å få utarbeida beredskapsplan for Askøy-brua

Ein beredskapsplan for tilfelle der Askøy-brua vert sett langvarig ut av drift, kan koma til å innebera ein reduksjon i kapasiteten for personbiltrafikk på inntil 50 prosent.

Snøggbåten skal ta unna hovudtyngda av passasjertransporten i tilfelle ei langvarig nedstenging av Askøybrua, ifølgje beredskapsanalysen for brusambanda i Bergens-området.

Ein fersk forvaltningsrevisjonsrapport om transporttryggleiken i tilfelle større hendingar, kriser eller ulukker på fylkesvegnettet Hordaland avslørte store manglar i det fylkeskommunale beredskapsarbeidet.

Les: Manglar beredskapsplan for Askøybrua

For to år sidan vedtok fylkesutvalet ein beredskapsanalyse for Askøy-brua og dei tre andre brusambanda rundt Bergen. Her vert det føresett at analysen vert følgt opp med eigne beredskapsplanar for kvar av bruene. Førebels er det berre Sotra-brua som har fått sin eigen plan.

Høg prioritet
Informasjonen om at det enno ikkje er utarbeida nokon beredskapsplan for Askøy-brua har vore ein vekkjar for rådmann Eystein Vennesland i Askøy.

I ei tilleggssak til formannskapet 15. oktober tilrår Venneslan at kommunen snarast tek kontakt med fylkeskommunen som er vegeigar og oppfordrar om at arbeidet med ein beredskapsplan for Askøy-brua bør få høg prioritet.

Du kan lasta ned saka til formannskapet her.

Einaste fastlandssambandet
-Askøybrua er einaste fastlandssambandet til og frå Askøy. I ein situasjon der dette sambandet vert brote oppstår ein transport- og beredskapsmessig utfordring for Askøy kommune. Det er difor avgjerande for kommunen at det vert utarbeidd ein beredskapsplan for Askøy-brua så snart som råd, skriv Venneslan i saka til formannskapet.

14.700 bilar
Beredskapsanalysen fylkesutvalet vedtok for to år sidan inneheld ei grov skisse til beredskapsplan for Askøy-brua, og vil vera førande for det vidare planarbeidet.

Det vert ikkje stilt krav til mobiliseringstid for dei ulike tiltaka.

Beredskapsplanen bør dimensjonera alternative transporttiltak med tanke på ein reduksjon i dei daglege tala på personbilar på 25 – 50 prosent. For Askøy-brua inneber det at bør kunna etablera eit fergesamband med kapasitet på inntil 14.700 bilar i døgnet, tilrår fylkesutvalet.

Passasjerar
Hovudtyngda av passasjertrafikken til og frå Askøy skal kunna handterast ved hjelp av ekstra båtar mellom Kleppestø og Strandkaien, vert det lagt opp til.

Ferjer mellom Kleppestø og Skolten vil kunna ta unna 7.200 bilar og 21.000 passasjerar.

Ro-ro-skip mellom Hanøytangen/Horsøy og Jekteviken vil kunna ta unna mellom 480 til 840 vogntog og inntil 2.800 passasjerar.

Planane om nytt fergesamband på nordre Askøy vert ikkje nemnt i beredskapsanlaysen fylkesutvalet vedtok.

Les: Planlegg nytt fergesamband med knutepunkt på nordre Askøy

Liv og helse
Særleg omsynet til ambulanse- og sjuketransport tilseier at det er viktig å planleggja for tilfelle der Askøy-brua kan verta stengt i lengre tid, skriv Venneslan.

Ifølgje beredskapsanalysen for brusambanda i Bergens-området, skal omsynet til liv og helse ha topp prioritet ved utarbeidinga av ein beredskapsplan. Miljø og økonomi må vera medverkande faktorar i planleggingsarbeidet.

Fylkeskommunen sitt ansvar
Det er fylkeskommunen som vegeigar som har ansvar for å planleggja og koordinera den sivile transportberedskapen i tilfelle fysisk øydelegging av kritisk infrastruktur.

Ein beredskapsplan må og ta høgde for ulukker og andre hendingar som utløyser eit langvarig alternativt transportbehov.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.