Få, men friske eldre «bergar» Fjell-budsjettet

Mange småstrilar og relativt få pleietrengjande eldre utgjer dei største utslaga på Fjell-budsjettet – aldersgruppene dreg i kvar sin retning.

Den varsla eldrebølgja har enno ikkje slege inn over Fjell. Det sparar kommunen stort på. Arkivfoto.

I forkant av kommunestyret sitt budsjettseminar neste veke har Telemark-forsking gjort ein analyse av utgiftspostane på Fjell-budsjettet, samanlikna med snittet av norske kommunar og av andre store kommunar utanom storbyane.

Meirforbruk
Av eit samla driftsbudsjett på vel 1,3 milliardar kroner, brukar fjellsokningane totalt sett 21,4 millionar kroner meir enn kva ein skulle forventa ut frå skatteinntekter og utgiftsnivået i samanliknbare kommunar.

Analysen, som byggjer på kommunane sine eigenrapporterte KOSTRA-tal, viser at Fjell skil seg tydeleg ut på to område:

Småstrilar
Mange småstrilar bidreg til at kostnadane til barnehage, grunnskule og barnevern vert uvanleg høge. Grunnskulen kosta oss 33,8 millionar kroner meir enn ein skulle forventa, og barnehagane 21,7 millionar, har Telemark-forsking rekna ut.

Fordelt på kroner per fjellsokning ugjorde kostnadane til skule og barnehage 25.122 kroner.

Få pleietrengjande
Relativt få pleietrengjande eldre, samanlikna med dei fleste andre kommunar, kompenserer langt på veg for meirkostnadane den store ungeflokken påfører kommunen.

På området pleie og omsorg hadde Fjell eit mindreforbruk på 24,7 millionar kroner i fjor. Fjellsokningar i aldersklassen 80 – 89 år klarar seg sjeldant bra på eiga hand, men og dei ugifte stiller små krav til fellesskapen. Særleg kostnadane til pleie i heim og institusjon er langt under det ein skulle forventa.

Pleie- og omsorgstenestene kosta i fjor kvar fjellsokning i snitt 10.964 kroner. Det var 5.386 kroner mindre enn snittet i andre jamnstore kommunar.

Effektiviserer
Den kommunale drifta på skulesektoren vert stadig meir effektiv. Andelen av budsjettet som går til skular og barnehagar er på veg ned. Skulane tok i fjor 30,9 prosent av totalbudsjettet, medan dei berre burde ha stått for 23,1 prosent.

Barnehagane krev 19,2 prosent av det totale budsjettet. I samanliknbare kommunar var andelen 14,5 prosent.

Langt under snittet
Kostnadane til pleie- og omsorg utgjorde til samanlikning berre 21.9 prosent av budsjettet i fjor. Snittet i samanliknbare kommunar utgjorde 30,5 prosent.

Samanlikna med snittet i norske kommunar, sparar dei friske eldre i Fjell kommunebudsjettet for heile 160,9 millionar kroner.

Kutt i administrasjonen
Dei som måtte meina at den kommuneadministrasjonen krev for mange skattekroner, finn inga støtte for argumentet i KOSTRA-analysen.

Staben på rådhuset kosta oss i 2017 39,4 millionar kroner mindre enn snittet i andre kommunar vi kan samanlikna oss med, ifølgje Telemark-forsking. Siste to åra har andelen av budsjettet som går til administrasjon blitt kutta kraftig, frå 7,1 prosent i 2015 til 4,3 prosent i 2017.

For alle kommunane i Norge sett under eitt, utgjer kostnadane til administrasjon og styring 7 prosent av dei totale kostnadane.

Utan samanlikning
Verd å merkja seg er det at kostnadane med tekniske tenester og kultur vert haldne utanfor KOSTRA-samanlikninga.

Du kan lasta ned dokumenta til Fjell kommune sitt budsjettseminar her.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.