Einkeltpersonføretaka er tilbake

Det vart stifta 31 nye føretak i Fjell i tida juli til september i år. Her kan du sjå heile oversikten, med forretningsidé, eigenkapital og dagleg leiar.

Snart klart til innflytting – Straumeporten Borettslag på Straume.

31 nye føretak er fire færre enn i same perioden i fjor.

Fem år etter at aksjelova sitt krav til eigenkapital i nye aksjeselskap varte redusert, er talet på einkeltpersonføretak igjen i vekst i Fjell.

Heile åtte av dei nye verksemdene er registert som einkeltpersonføretak, to som norsk utanlandskregistrert føretak og eitt som ansvarleg selskap med delt ansvar. Det vart og registrert eitt nytt burettslag.

Av aksjeselskapa er det berre to som har meir eigenkapital enn lova sitt minimum. Om dei mange einkeltpersonføretaka skuldast at dagens ferske gründarar manglar kapital, eller det er andre forklaringar, er uvisst.

I dei same månadane vart det registrert fem konkursopningar – heile seks færre enn i same perioden i fjor.

Under finn du heile oversikten over nye verksemder:

AS Kjøreskole Sotra, undervisning i trafikkopplæring, 30.000,-
Styreleiar: Anders Arntsen

Bildøy Consulting, kontrakting og konsulenttenester, hovudsakleg til olje- og gassnæringa, men og til helsesektoren, bygg- og anlegg og detaljhandel, einkeltpersonføretak,
Innehavar: Kjetil Bildøy

Billig Utleie AS, utleige av bilar, tilhengjarar og liknande, 30.000,-
Styreleiar: Morten Drange

Biocrema Chalaczkiewicz, kosmetikksal, hushaldningskjemi, nettbutikk, einkeltpersonføretak.
Innehavar: Patrycja Helena Chalaczkiewicz,

Delopes Tattoshop AS, utføring av tatovering og piercing, sal av relaterte produkt, kursverksemd og utleige av lokale, 30.000,-
Dagleg leiar: Pedero Paulo Lopes Desales

Div Byggservice AS, alt innan innvendig og utvendig oppussing, renovering og snekring. Montering av dører og vindauge, maling og muring, 30.000,-
Dagleg leiar: Vasile Deaconescu

Eek Adventure, motorsykkel turguide, norskregistrert utanlandsk føretak,
Dagleg leiar: Jarle Eek

Ekerhovd Utleie, utleige og kjøp og sal av bubil og campingvogn, einkeltpersonføretak, Innehavar: Kjell Inge Ekerhovd

Elvis Hage AS, anleggsgartnar, 30.000,-
Dagleg leiar: Elvis Kruze

EOR 4casting Software AS, softwareutvikling, 30.000,-,
Dagleg leiar: Reidar Kristensen

Fretstek, sal av tekniske tenester og mediatenester, kjøp og sal av eigedom og aksjar, norskregistrert utanlandsk føretak,
Dagleg leiar: Sverre Fjereide

Heichar Heidi Margrethe Charlsen, sal av Enjo-produkt, fiberbasert reingjering, einkeltpersonføretak,
Innehavar: Heidi Margrethe Charlsen

IDV95 AS, eigedomsinvestering, 30.000,-
Dagleg leiar: Richard Fotland

Innovator AS, holdingselskap, kjøp og sal av aksjar, 30.000,-
Styreleiar: Petter Bjørnvald Olsen

Investio AS, leverandør av nettbasert betalingsformidling, 30.000,-
Dagleg leiar: Oddvar Spjeld

Jensen Marine AS, service og konsulenttenester ovanfor shipping og offshoreverksemd, drift og utvikling av tekniske og operasjonelle løysingar, 30.000,-
Dagleg leiar: Tore Jensen

Kystby Arenum AS, eigedomsinvestering, gåver til veldedige og allmennyttige organisasjonar, 30.000,-
Dagleg leiar: Eigil Schinnes

Memé AS, frisør og velvære, 30.000,-
Dagleg leiar: Camilla Algrøy Hansen

Petter Smart Montasje DA, montering av kjøkken, innreiing av bad og garderobe, og mindre snekker-oppdrag, ansvarleg selskap med delt ansvar
Dagleg leiar: Petter Simon Jacobsen,

Psychnet AS, etablere nettverk av privatpraktiserande psykologar og vera bindeledd mellom psykologar, verksemder og einkeltpersonar med behov for kliniske psykologtenester. 40.000,-
Styreleiar: Kyrre Dyregrov

Quality Assurance/Auditing & Inspection Agency Stephen McQuiston, tilretteleggja kvalitetssikring og inspeksjon innan kvalitet, helse og tryggleik ved å gje opplæring til alle bransjar med krav innan ISO-standard. Tenester ved produksjon, gjennomføring og vedlikehald av styringssystem, Mekanisk gjennomføring og igangkøyring. Verifikasjon av produsentar. Einkeltpersonføretak,
Innehavar: Stephen Anthony Ian Mcquiston

Realtek AS, undervisning, forsking og utvikling og sal av teknisk utstyr og programvare for undervisning, forsking og miljøovervaking, 30.000,-
Styreleiar: Kirsti Jensine Havikbotn

S.K. Anlegg & Maskinutstyr AS, engroshandel og leige av maskiner og utstyr til bygge- og anleggsverksemd, 100.000,-
Styreleiar: Kanitnan Rengpimai

Smi-Vest AS, sal av varer og tenester til bygg, anlegg og industri, 30.000,-
Dagleg leiar: Ivar Gavlen

Straumeporten Borettslag, burettslag,
Styreleiar: Erik Magne Rennedal

Sundt & Sønn AS, transport på veg, 30.000,-
Dagleg leiar: Richard Sundt

Tesselly Disla Makeup Artist Jimenez, makeup artist, kjøp og sal av produkt for sminke, og legging av makeup, einkeltpersonføretak,
Innehavar: Legna Tesselly Disla Jimenez

Tre Bu 2 AS, utleige og drift av fast eigedom, handverksverksemd og entrepenørverksemd, 30.000,-
Dagleg leiar: Arne Landro

Your Beauty AS, skjønnhetspleie og velvære, 30.000,-
Dagleg leiar: Sunniva Stephanie Osses-Abrigo

Zinfandel Anita Jozsef Vinopplevelse, vinkonsulent, vin-relaterte events, prosjektleiing, servering, PR, marknadsføringstenester og kommunikasjonsrådgjeving, einkeltpersonføretak,
Innehavar; Anita Jozsef

Øygarden Begravelsesbyrå/Hjelp Knut Helge Polden, gravferdsbyrå, einkeltpersonføretak,
Innehavar: Knut Helge Polden

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.