Får kjøpa kommunal kremtomt for ni millionar

PTA Eigedom AS bør få kjøpa ei 3,9 mål stor kommunal tomt avsett til blokkbygging i sjøkanten på Rong for ni millionar kroner.

PTA Eiendom AS og Atle Ulveseth bør få kjøpa ein kommunal kremtomt i sjøkanten på Rong, tilrår rådmann Siri Fahlvik Pettesen. Formannskapet skal ta stilling til salet i veka som kjem. Arkivbilete.

Samstundes som kommunedelplanen for senterområdet på Rong skal opp til trede og siste gongs handsaming i formannskapet i Øygarden, har rådmann Siri Fahlvik Pettersen førebudd ei sak om å selja den mest attaktive kommunale tomten i det framtidige kommunedelsenteret.

I sjøkanten
Den 3,9 mål store kommunale tomten ligg like nordaust for rådhuset, så og seia i sjøkanten, med berre ein strandpromenade mellom seg og Hjeltefjorden.

PTA Eiendom
Det var PTA Eiendom AS som i vår henvende seg til Øygarden kommune med spørsmål om å få kjøpa tomten.

Les: Hastig med blokkbygging på Rong

Verksemda er største eigar og drivkraft i utbygging av Rong Senter. Største eigar er Brødrene Ulveseth AS, med 50 prosent. Peder B. Torsvik er dagleg leiar og minoritetsaksjonær. Atle Ulveseth er styreleiar i verksemda.

Fem etasjar
Tomten vert i kommunedelplanen føreslegen utnytta til konsentrerte bustadar, med høve til å byggja ei blokk på inntil fem etasjar.

Det er henta inn to takstar på tomta, ein på åtte og ein på ti millionar kroner, ifølgje sakspapira til møtet i formannskapet. Den føreslegne salssummen er eit snitt av takstane.

Stein til kommunal molo
Forventning om ei snarleg utbygging i samsvar med den ferske kommunedelplanen er eit vilkår for salet.

Rådmannen føreset samstundes at framdrifta av utbygginga vert samordna med den vedtekne utbygginga av den kommunale moloen framfor rådhuset, slik at steinmassane som vert til overs ved sprengingsarbeidet kan nyttast til moloen.

Lokal forankring
– PTA Eiendom er ein lokal eigedomsutviklar som vil ha interesse av ei snarleg utbygging, ikkje berre å ha tomta liggjande i balansen. Dei ser gjerne at det vert folk i senterområdet også på kveldstid, grunngav ordførar Børge Haugetun den positive haldinga på rådhuset då formannskapet hadde saka oppe før ferien.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.