Fiske og hav inspirerer til nyskaping i Sund

Det vart stifta 14 nye verksemder i Sund dei siste tre månadane. Ein person stod bak fire av dei.

På nettavisa Tunnelsyn.no kan du lesa heile oversikten, med forretningsidé, eigenkapital og namnet på dagleg leiar, styreleiar eller innehavar.

14 nye og ein konkurs
Gründerviljen i Sund i månadane juli – september haldt seg nokonlunde uendra samanlikna med same perioden i fjor. 14 nyeregistrerte verksemder i Brønnøysund er to færre enn i fjor.

Av dei 18 nye verksemdene i Sund, var 16 aksjeselskap med lova sitt minimumskrav til kapital.

Det vart registrert ein konkurs i perioden.

Fiske og hav
Ikkje uventa i fiskerikommunen sønst på Sotra, har to av verksemdene fiske som forretningside. To andre satsar på sjø- og havrelaterte aktivitetar.

Seriegründar
Ein person står oppført som styreleiar i fire av dei nye aksjeselskapa.

Med stiftinga av Boligstyling Vest AS, Craft Eiendom AS, Innkjøpssjefen Hordaland AS og Innkjøpssjefen Møre og Romsdal er William Bernhardsen (38) no oppført i Brønnøysund med 14 roller i det lokale næringslivet. Rolla som dagleg leiar i Sotra Engros AS og som styreleiar i Straume Rør og Varme AS verkar vera hovudverksemda til seriegündaren som og er aktiv i Brunstad kristne menighet.

Dette er dei nye verksemdene – heile oversikten
AMK Elektro Automasjon AS, arbeid innan elektro og automasjon, medrekna utleige av personell, feilsøkjing, reparasjon, sal, service, drift, produksjon, installasjon, konsulent- og intgeniørtenester, 30.000,-
Styreleiar: Arvid Mohn Kleppe

Boligstyling Vest AS, rådgjeving og styling av bustadar, hovudsakleg i samband med sal av eigedom, 30.000,-
Dagleg leiar: Linda Johnsen, Styreleiar: William Bernhardsen

Craft Eiendom AS, investering i aksjar og eigedom, 30.000,-
Dagleg leiar: Gjermund Ripsam Gangsøy, Styreleiar: William Bernhardsen

Goltasteinkaien AS, utleige av båtplassar og drift av eigedom i Spildepollen. 30.000,-
Styreleiar: Inge Kristoffer Golten

Innkjøpssjefen Hordaland AS, sal av konsulenttenester innan sal og service, utdeling av gåver til veldedige og humanitære organisasjonar, 30.000,-
Dagleg leiar: Frode Johnsen, Styreleiar: William Bernhardsen

Innkjøpssjefen Møre og Romsdal AS, sal av konsulenttenester innan sal og service, utdeling av gåver til veldedige og humanitære organisasjonar
Dagleg leiar: Tryge Vårdal, Styreleiar: William Bernhardsen

Innomet Norge Flierman, konsulentverksemd innan sal og marknadsføring av metall og metallurgiske tenester, einkeltpersonføretak
Innehavar: Ferdinand Flierman

Krondorfer Holding AS, aksjeinvesteringar, 30.000,-
Dagleg leiar: Rudolf Helge Krondorfer

Midlang Kystfiske AS, fiske og fangst, 30.000,-
Dagleg leiar: Adrian Ekrem Midlang

Nordic Boats AS, import, kjøp og sal av nye og brukte båtar, tilhøyrande tenester. Formidling, taksering og verdivurdering, utleige, charterverksemd, kursing og transporttenester, 30.000,-
Dagleg leiar: Albrecht Schøll

R&L Team AS, reiseliv, 30.000,-
Styreleiar: Elisa Björk Jakobsdottir

Tellusguide AS, leveranse av manuelle og digitale tenester, 30.000,-
Dagleg leiar Sverre Sangolt

Kristoffer Trellevik fekk tildelt rekrutteringskvote for ungdom som ønskjer å satsa på fiskaryrket.

 

Trellevik Kystfiske AS, hav- og kystfiske, 30.000,-
Styreleiar: Kristoffer Trellevik

Les: Ung fiskar fekk statleg legup

Utleie & Konsultasjon D. Giertz, utleige av maskiner og utstyr, elektronikk, konsultasjonstenester innan data & nettverk, hydraulikk, mekanikk, elektronikk & olje/gass, grunnarbeid, handel med bildelar og elektronikk, einkeltpersonføretak
Innehavar: Dennis Gietz

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.