Treng ikkje kutta i eigedomsskatten

Askøy er ikkje mellom dei 68 kommunane får kutt i dei kommunale skatteinntektene etter at Regjeringa i statsbudsjettet føreslår å redusera taket på  eigedomsskatten frå sju til fem promille.

Innføringa av eigedomsskatt på bustadar og fritidsbustadar i Askøy var svært omstridt. Siv Jensen sitt forslag om å kutta «taket» frå sju til fem promille vil ikkje få umiddelbare konsekvensar for storleiken på dei forventa kommunale inntektene. Arkivbilete.

Dette kjem fram av eit svar frå finansminister Siv Jensen (FrP) i samband med diskusjonen om statsbudsjettet i Stortinget.

Forslaget om å kutta i eigedomsskatten gjeld bustad og fritidsbustad. Dei berørte kommunane mister til saman 333 millionar kroner i inntekt.

Askøy innførte kommunal eigedomsskatt i 2016. Regjeringa sitt forslag vil etter alt å døma føra til toppnivået på eigedomsskatten flatar ut på fem promille av likningstaksten på ein eigedom.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.