Avanserer på nasjonal ranking – men veksten flatar ut

Handlevanane til Sotrastrilen har ført Sartor Storsenter ein plass høgare opp på den nasjonale rankinga. Handlesenteret er no tredje største på Vestlandet.

Omsetnaden i butikkane på Sartor Storsenter auka med 4,8 prosent dei ni første månadane i år.

Det er Kvarud Analyse som utarbeider dei kvartalsvise oversiktane over omsetnaden i butikkane ved dei 60 største handlesentrene i landet, og som vart offentleggjort i Finansavisen i går.

Etter å ha passert Kvadrat i Sandnes i butikkomsetnad, er Sartor Storsenter no sjuande største handlesenteret i landet, nummer tre på Vestlandet og nummer to i Bergensområdet, framkjem det av oversikten.

Har passert Kvadrat i Sandnes i butikkomsetnad. Faksimile Finansavisen.

Vekst på 4,8 prosent
Ein samla omsetning etter ni månadar på 1,572 milliardar kroner er 73 millionar kroner meir enn i same perioden i fjor.

Les: Tøffare tider for næringslivet, men nokon har grunn til å smila

Ein omsetningsvekst på 4,8 prosent for Sartor Storsenter er vesentleg betre enn kva konkurrentane høgare opp på oversikten kan visa til. Det er samstundes eit målbart signal om at den formidable veksten som følgje av auka publikumstilstrøyming dei to første åra etter nyopninga er i ferd med å dabba av.

Nyopning på Lagunen
Det er utbyggingane som er hovudforklaringa på kva sentre som opplever vekst i omsetnaden, ifølgje Finansavisen.

Tradisjonelt er fjerde kvartal den mest hektiske perioden i året for handelsstanden.

I november aukar konkurransen i Bergensområdet. Då nyopnar Lagunen etter omfattande ombygging. Det same gjer AMFI Moa i Ålesund som ligg som nummer fire på Kvarud sin oversikt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.