Krev lovlighetskontroll av flyktningevedtak

SotraLista og FrP krev lovlighetskontroll av administrasjonen sitt vedtak om auka talet på flyktningar som skal busetjast i kommunen frå 20 til 30.

Jan Utkilen (Sotra Lista), saman med Anita Garlid Johannessen (FrP) og Daniel Victor Sandvik (FrP) krev lovleghetskontroll av adminitrasjonen sitt vedtak om å auka talet på flyktningar som skal busetjast i Fjell i 2018 frå 20 til 30.

Eit samla kommunestyre i Fjell vedtok tidlegare i år å busetja 20 flyktningar i 2018.

Etter oppfordring frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har administrasjonen vedteke å busetja ytterlegare ti flyktningar i år, kom det fram av ei referatsak til siste møte i kommunestyret.

Det totale talet på flyktningar som kommunen skal busetja dette året aukar dermed til 30.

– Med å vedta å ta imot ytterligare 10 flyktningar har administrasjonen gått utover kommunestyrevedtaket. Dei har ikkje fått fullmakt til å gjere dette, og vi ønsker derfor å få vurdert lovligheten av dette vedtaket, skriv Jan Utkilen (Sotra Lista), Anita Garlid Johannessen (FrP) og Daniel Victor Sandvik (FrP).

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.