Vil tjuvstarta arbeidet med ny kommuneplan

Politikarane i Fellesnemnda vil gjerne vera med på å peika ut retninga og setja preg på utviklinga også etter valet i 2019 og nye Øygarden vert eit faktum.

FN sine bærekraftmål er eit viktig tema som bør inkluderast i ein samfunnsplan for nye Øygarden, seier Inger Marie Toft (H).

Samfunnsdelen til kommuneplanen vil vera viktig for å peika ut retninga og gjera prioriteringar framover, er politikarane i Fellesnemnda samde om.

Arbeidet med å få fram grunnlaget for samfunnsdelen til kommuneplanen for nye Øygarden er så viktig at det bør starta alt no, vedtok ei samrøystes Fellesnemnd under dagens møte etter innspel frå Tom Georg Indrevik (H).

Arealdelen
At arbeidet med kommuneplanen sin arealdel og føresegner bør ta til så snart som mogleg etter at nye Øygarden er eit faktum, var det brei semje om.

Les: Føreslår å starta arbeid med kommuneplan for nye Øygarden

Oppstarten av denne delen av arbeidet var det ingen av politikarane i Fellesnemnda som ønskjer å forskottera.

Diskusjonen i møtet kom i stor grad til å dreia seg om kor mykje av arbeidet med ein samfunnsplan som kan gjerast alt no, og kor mykje som må venta til etter at det nye kommunestyret har fått vedteke eit planprogram.

Bør venta
Arbeidet med samfunnsplanen bør forankrast i det nye kommunestyret. Arbeidet bør starta med at ein vert samde om ein planstrategi, elles risikerer politikarane å møta seg sjølve i døra, innvende Marianne Sandahl Bjorøy (A).

-Sjå til Asker
Fleire gongar i møtet vart det vist til nye Asker kommune, som har kome lagt i arbeidet med å utarbeida ein ny kommuneplan.

– Asker har organisert planlegginga av den nye kommunen som eit vertskommune-samarbeid som kan fatta vedtak, ikkje som ei fellesnemnd, orienterte Sandhal Bjorøy.

Rovdrift
Ressurssituasjonen på rådhusa er eit anna argument for ikkje å presse på, meinte Sandhal Bjorøy, som vegra seg for å vera med på å driva rovdrift på dei tilsette.

Også prosjektrådmann Rune Lid meinte det ville vera fornuftig å venta med arbeidet.

Lovpålagt
Kommunane er lovpålagte å ha ein samfunnsdel som kan gje overordna føringar for kommuneplanen sin arealdel og anna planarbeid. Fjell manglar likevel ein samfunnsdel i sin kommuneplan. Øygarden har ein samfunnsdel som gjeld til 2022. I Sund legg dei siste hand på verket i desse dagar.

Omfattande prosess
Å laga ein samfunnsplan er ein omfattande prosess som minst til ta eitt til halvanna år, hevda Børge Haugetun (TVØ).

Eigarskap
Ein plan gjeld inntil ein ny vert vedteken. Fleirtalet i Fellesnemnda lot til å innsjå at her gjeld det å fara varsamt fram, så dei ikkje fråtek det nye kommunestyret eigarskapen til planar dei skal styre etter, men som dei ikkje har fått vera med på å vedta.

Det bør i det minste vera mogeleg å starta arbeidet med å få fram faktagrunnlaget, og gjennomføra nokre analyser for eit slikt planarbeid alt no, gav dei andre politikarane i Fellesnemnda Ernst Morten Einarsen (H) medhald i.

FN sine bærekraftmål
Høgrerepresentanten Ingrid Marie Toft frå Øygarden var den einaste som kom med kronkrete innspel til kva tema som bør takast opp i ein samfunnsplan.

– Vi er i stadig større grad nøydd til å forhalda oss til globale utfordringar. FN sine bærekraftmål bør inn i kommuneplanen sin samfunnsdel, seier Toft og viste til statsminister Erna Solberg.

Neste møte
Diskusjonen om korleis FN sine bærekraftmål bør takast omsyn til i nye Øygarden, og kva som elles vil vera viktig å få inn i ein samfunnsplan, utsette Fellesnemnda til seinare.

Til neste møte i Fellesnemnda skal prosjektrådmann Rune Lid ha laga ei sak om korleis politikarane sine ambisjonar om å ha ei hand på rattet også etter 2019 kan gjennomførast.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.