Økonomisjefen i Fjell: – Vi kjem ikkje tilbake dit

Oljekrisa og fallet i oljeprisen i 2015 kosta oljesmurte Fjell dyrt, har økonomane på rådhuset i Fjell rekna ut.

Fjell-økonomien står ovanfor fleire trusslar. Klimaendringar og globalt børsfall er to av dei, ifølgje økonomisjef Svend-Fredrik Untiet. I dag la han fram det aller siste budsjettforslaget for Fjell kommune.

Det var økonomisjef Svend-Fredrik Untiet som i rådmann Steinar Nesse sitt sjukefråvær la fram dei dystre tala for Fjell-økonomien under årets budsjettsaminar for kommunestyret.

Les: Statsbudsjettet: Får 55 millionar meir å rutta med

Det samla inntektstapet til kommunen dei siste fire åra har vore på 87 millionar kroner, seier Untiet.

Budsjettgjennommgangen avslørte til fulle kor sårbar Fjell er for svingningar i oljeprisen. Fallet i skatteinntektene som følgje av oljekrisa aleine kosta Fjell 65 millionar.

Den rekordhøge arbeidsløysa i kjølvatnet av oljekrisa førte til redusert tilflytting og tap av ytterlegare 11 millionar i statleg veksttilskot.

Stemininga på Rådhuset i Fjell under budsjettseminaret er god, Verken varaordførar Tom Georg Indrevik (H) eller leiar for komite for drift og forvaltning Ernst Morten Einarsen (H) er synleg påverka av den økonomiske situasjonen.

Samtidig vart det statlege inntektssystemet lagt om, noko som har påført kommunen eit ytterlegare tap i inntekter på 10,4 millionar.

-Fjell kjem ikkje tilbake til inntektsnivået for 2015. Fjellsokningane skal merka minst mogeleg til dette, men det er eit utfordring å halda stabil drift, uavhengig av dei økonomiske svingingane, seier Untiet.

– Aktivitetsnivået til Fjell kommune er ikkje tilpassa inntektsnivået, hevdar økonmirådjevar Heine Kleppe.

Les: Få, men friske eldre «bergar» Fjell-budsjettet

Nettavisa Tunnelsyn.no kjem tilbake med fleire nyhendameldingar frå budsjettseminaret i løpet av dagen.

 

 

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.