Tøffare tider i barnevernet

Talet på meldingar til barnevernet i Fjell er tidobla siste 20 åra.

– Barnevernet treng rekruttera dei mest erfarne. Dei som toler å stå i det, og møta tøffe advokatar i rettsalen, seier sosialsjef Tove Helleland i Fjell.

Sosialsjef Tove Helleland i Fjell sette ord på noko av det mest smertefulle i vekstkommunen under innlegget sitt på kommunen sitt budsjettseminar i dag.

Tidobla
Barnevernet har gjennomgått ei enorm utvikling sidan Helleland vart tilsett i 1996.

Sidan 1998 er talet på bekymringsmeldingar tidobla. For 20 år sidan fekk barnevernet i Fjell 45 meldingar. Så langt i år har dei motteke 450. I Sund er status for 2017 123 meldingar, seier Helleland.

Mange tek kontakt
Barnevernet har hatt eit kompetanseløft i desse åra. Dei har blitt flinkare å avdekka problema, men det er ikkje heile forklaringa. Mange tek kontakt med barnevernet sjølv, understrekar barnevernsjefen i Fjell.

Overgrep
Vald og overgrep verkar høyra til dagens orden i stadig fleire familiar i Fjell. I fjor enda 37 overgrepssaker i rettsalen, seier Helleland som understrekar at ho aldri tidlegare har opplevd noko tilsvarande.

-Mange foreldre verkar vera i ein pressa situasjon, og reagerer med å ty til vald. Oljekrisa gjer utslag også på dette området. Mange vaksne har mista jobben. Tap av, for mange høg inntekt, medfører at dei må leggja om livsstilen betrakteleg. Ikkje alle handterer statustapet like godt, utdjupar ho.

Individuelt tilpassa
Sosialtenesta i kommunane er pålagt å utføra eit rekkje lovpålagte oppgåver. Oppgåver som må vera indivuduelt tilpassa, og som stiller stadig større krav til kompetanse hos dei tilsette.

Ikkje alle er like nøgde med barnevernet. Stadig fleire klagar på tenestene.

Å jobba i barnevernet  er krevjande, konstaterer sosialsjefen i Fjell. På landsbasis er turnoveren heile 30 prosent.

Rekruttera erfarne
-Barnevernet treng rekruttera dei mest erfarne. Dei som toler stå i det, og som ikkje vik tilbake for å møta tøffe advokatar i rettsalen. I staden får vi unge jenter med mykje omsorg i seg, men som har levd verna liv, seier Helleland.

Les: Har styrka barnevernet i kommunane

Bemanningssituasjonen medfører at det vert store krav til einskilde nøkkelpersonar. Tenesta er sårbar, særleg i helgar og feriar. Sosialsjefen i Fjell jobbar no for å få til eit samarbeid med fylkesmannen i Hordaland, slik at Fjell kan tilby same tilbodet som Bergen, seier Helleland.

Les: Økonomisjefen i Fjell: – Vi kjem aldri tilbake dit

Advertisements

1 Comment

  1. Utrolig trist. Er det barnehjemstidene Fjell Kommune peiler seg inn på med stønad fra staten? Tolga Kommune har jo vist hva noen kommuner gjør for å redde seg fra å bli «svartelistet» hos Fylkesmannen, på bekostning av de svakeste av de svakeste i kommunen. Mer enn sørgelig.
    Flott at noen tør å ytre seg.
    Hun bør få Fritt Ord Prisen.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.