Folkemøte sette fart i planlegginga

Dei som skal utforma det framtidige kommunedelsenteret Skogsskiftet fekk mykje å tenkja på under gårsdagens folkemøte.

Under folkemøtet gav sundsokningane arkitekt Torunn Åsheim og leiar Svein Otto Jacobsen i planutvalet mange innspel til korleis det framtidige kommunedelsenteret Skogsskiftet bør utformast.

Det mangla ikkje på gode idear frå salen. Eit 50-tals sundsokningar, og kan hende nokre fjellsokningar, hadde møtt fram på folkemøtet på kommunehuset i Skogsskiftet for å få med seg planleggjarane sine tankar om det framtidige kommunedelsenteret.

– Vi har kalla dette eit informasjons- og medverknadsmøte, men då vi førebels har lite å informera om, vil dette verta eit medverknadsmøte, innleia Svein Otto Jacobsen, (FrP). Leiaren for planutvalet i Sund oppfordra dei frammøtte til å vera frimodige og koma med mange innspel.

– Ikkje bry deg om nokon er usamde, oppfordra Jacobsen.

To planar
Det skal utformast to planar; ein overordna kommunedelplan og ein detaljplan for sjølve sentrumsområdet. Då Skogsskiftet ligg heilt på grensa mot Fjell, går plangrensa inn i nabokommunen på nord- og vestsida. Akkurat kvar plangrensa bør gå, er eit tema som framleis kan justerast.

Multiconsult, og arkitekt Torunn Åsheim, er hyra inn til å stå for den praktiske gjennomføringa. I løpet av halvannan time kjørte Åsheim dei frammøtte gjennom ein intens spørjerunde, der deltakarane skreiv ned svara på lappar i gult, raudt, blått og grønt. Teikna på kartet fekk dei og lov til.

Mange spørsmål
Så veldig mange diskusjonar vart det ikkje. Spørsmåla planleggjarane gjerne vil ha svar på er derimot mange: Kva kjenneteiknar Skogsskiftet i dag? Kva kvalitetar set du mest pris på? Kva er din favorittplass i Skogsskiftet? Kva kvalitetar/tilbod saknar du?

Kvar bør sentrum vera? Korleis vil planane om eit nytt kjøpesenter påverka kvar folk flest vil ønskja å opphalda seg? Er to bensinstasjonar ein for mykje?

Gang- og sykkelvegar
Fleire store bustadfelt er under planlegging i området. Kvar bør fotgjengarovergangane plasserast for å sikra at folk vil gå/syklar i staden for å ta bilen på korte turar? Og korleis kan planleggjarane ta høgde både for dagens veg, og for den nye vegen som vil koma 30 meter lenger vest.

Les: Trafikken skal framleis gå gjennom Skogsskiftet

Naturkvalitetar
Nærleiken til store urørte naturområde er eit av Skogsskiftet sine styrkar. Korleis sikra at nærleiken til Skogsvatnet og til sjø vert noko som innbyggjarane vil ta i bruk og få glede av? Korleis kopla ein framtidig sentrumsakse ut mot naturkvalitetane?

– Møtet har gjeve oss mange verdifulle innspel som vi vil ta med oss vidare, lova Jacobsen og Åsheim.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.