Nye Øygarden i blått, grått og oker

Her kan du sjå forslaga til Øygardsgensar.

To av dei innkomne forslaga. Fotomodellar er Amalie Stien Thomassen og Maria Reisænen.

Blått, grått og oker er nye Øygarden sine fargar, er dei seks bidragsytarane som har strikka og sendt inn forslag til Øygardsgensar samde om.

Les: Korleis bør Øygardsgensaren sjå ut?

Det er ikkje vanskeleg å sjå at naturen og kystkulturen har vore viktigaste inspirasjonskjelda for dei ivrige strikkarane. Mange spenstige detaljar, saman med ein kreativ og til tider overraskande symbolbruk, vil likevel by på utfordringar for dei som skal kåra ein vinnar.

Dei innkomne forslaga vil vera utstilte på biblioteka i regionen dei komande vekene. Her kan du også stemma på det forslaget du likar best.

Fjell folkeboksamling; 22. – 27. oktober
Sund folkeboksamling; 29. oktober – 5. november
Øygarden folkeboksamling; 6. – 14. november

Alle dei innkomne forslaga. Foto: Fjell kommune.

På heimesidene til nye Øygarden kommune kan du lesa bidragsytarane sine eigen omtalar av dei innkomne modellane. Her kan du også stemma elektronisk.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.