Med opninga av Lindhaugen – Slettebrekka er første delprosjektet i Askøypakken fullført.

Det har vore mykje snakk om økonomi, budsjettsprekk og mangelfull planlegging. I dag var det imidlertid ein gledens dag på Askøy, i Hordland fylkeskommune og i Statens vegvesen.
Ein kilometer
-Askøypakken er over hoppkanten, proklamerte Grethe Vikane, avdelingsdirektør for veg i Statens vegvesen i Hordaland i samband med den høgtidelege opninga.
Den ein kilometer lange vegstrekkja frå Lindhaugen til Slettebrekka har fått to køyrefelt og fortau. No kan ungane gå trygt til og frå skule og barnehage, strålte ordførar Terje Mathiassen (A), varma av mange klemmar frå glade ungar.
1 av 10
Dette er det første av ti delprosjekt i Askøypakken. Lindhaugen – Slettebrekka er også første byggsteget på ny veg til Hetlevik. Ein veg som også er prioritert, men som er sett på vent, i mangel av tilleggsbevilgningar og politisk klarsignal for å forlengja bompengeperioden.

100 millionar
Vegen, som dagleg vert trafikkert av meir enn 3.800 køyretøy, har kosta kring 100 millionar kroner å fullføra.
Dei mange bustadane tett på veganlegget har vore ei utfordring undervegs. I dei to åra anleggsarbeidet har pågått har Statens vegvesen vore inne i mange hagar, medgjekk Vikane.
1.800 lastebillass med stein er sprengt vekk, og 1.000 kvadratmeter med natursteinmur er bygd opp for å sikra skråningane.
Les: Manglar 800 millionar til Askøypakken