Fylkeslegen: Sotra legevakt bryt lova

Dei som ringjer Sotra legevakt risikerer å få tilfeldig oppfølging, avhengig av kven som er på vakt.

Sotra legevakt dekkjer nærare 38.000 personar i Fjell, Sund og Øygarden.

Ved eit tilsyn fylkeslegen i Hordland gjorde ved Sotra legevakt i september vart det oppdaga at legevakta som dekkjer nærare 38.000 personar i Fjell, Sund og Øygarden, bryt lova.

Personavhengig
Den første kontakten med legevakta er avgjerande for kva som vidare skjer med pasienten. Sotra legevakt manglar ein innarbeida felles praksis, med faglege verktøy som kan vera til hjelp for å gjera rette prioriteringar av dei innkomne meldingane, ifølgje fylkeslegen.

– Noverande praksis er personavhengig og kan medføre at vesentleg informasjon ikkje blir innhenta eller blir utelaten, skriv fylkeslegen i tilsynsrapporten.

Avgjerande prioriteringar
Dei innkomne meldingane vert graderte etter grøn, gul og raud respons:

Grøn respons tyder at legetilsyn kan venta til arbeidstid dagen etter. Gul respons er eit varsel om ein potensiell alvorleg tilstand der vakthavande lege må kontaktast, eventuelt at pasienten må bringast inn til legevakta. Ved raud respons skal ambulanse og legevaktlege alltid varslast umiddelbart.

Ingen alvorlege konsekvensar
Tilsynet avdekka ikkje at den manglande standardiseringa av mottakspraksisen har ført til alvorlege hendingar og konsekvensar for enkeltpersonar.

Vaktlege rykte ut på 78 % av dei raude responsane i januar 2018, kom det fram under tilsynet. Ved stikkprøve i pasientjournal til pasientar med mistanke om hjerneslag, fann fylkeslegen ut at lege hadde rykt ut til sju av ti pasientar.

Auka bemanninga
Fylkeslegen karakteriserer bemanningssituasjonen ved Sotra legevakt som god. Leiinga av Sotra legevakt har imidlertid teke opp med Fjell kommune behovet for å auka bemanninga slik at det er to legar på vakt både på dag og kveld i helgane.

Leiinga ved Sotra legevakt har fått frist til 1. desember med å utarbeida ein plan for korleis dei i framtida kan sikra at alle pasientar som henvender seg til legevakta blir vurderte etter ein felles, innarbeidd praksis.

Du kan lesa fylkeslegen sine rapport på sidene til Helsetilsynet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.