Sotrasambandet kan setja verdsrekord

OPS-kontrakten på Sotrasambandet kan verta ein av dei aller største som vert lyst ut på verdsmarknaden i 2019.

Med ein forventa kontraktsverdi på 10 milliardar kroner eksklusiv finansiering og drift, vert OPS-kontrakten på det nye Sotrasambandet ein av dei aller største som kjem ut på verdsmarkanden i 2019.

Det var langt mellom nordmennene då Statens vegvesen torsdag inviterte norske og internasjonale tilbydarar til marknadsmøte om OPS-kontraktane på Sotrasambandet og Hålogalandsvegen. Mellom dei 200 deltakarane i salen var entrepenørar og finansfolk frå Japan, Kina, Sør-Korea, Spania og USA, i tillegg til dei norske og europeiske.

10 milliardar pluss
OPS-kontrakten på Sotrasambandet vil ha ein anteken totalverdi på kring 10 milliardar kroner. Kostnadane til finansiering og drift gjennom ein 25-års periode kjem i tillegg.

Les: Rekninga for Sotrasambandet kan enda på 20 milliardar

Hålogalandsvegen vert litt rimelegare. Her er sluttsummen vurdert til å verta 8,6 milliardar kroner.

– Vegvesenet sine OPS-kontraktar er av internasjonalt format – truleg er dei mellom dei største som er venta ut i marknaden på verdsbasis i 2019, skriv vegnett.no, nettavisa til Statens vegvesen.

Dobbelt så stor

Stor internasjonal interesse. Bente Jonsen Aase i Vegdirektoratet svarar på spørsmål frå General Manager Joon Ho Chung i Hyundai Engineering & Construction under Statens vegvsene sitt marknadsmøte med potensielle entrepenørar, finansinstitusjonar og rådgjevingsverksemder torsdag denne veka. Foto: Kjell Solem/Statens vegvesen.

Største kontrakten Statens vegvesen har tildelt til no er ein OPS-kontrakt på 5,5 milliardar kroner, svarar Bente Johnsen Aase i Vegdirektoratet på spørsmål til nettavisa Tunnelsyn.no.

Berre dei aller største av dei norske entrepenørverksemdene har musklar nok til at dei kan rekna med å vera mellom dei tre som etter prekvalifiseringa vert utvalde til å delta i sjølve konkurransen om 10-milliardarkontrakten.

Kan verta delt
Kontrakten er så stor at han kan verta delt mellom fleire samarbeidande verksemder.

Ingen norsk finansinstitusjon er stor nok til å handtera ein slik stor utlånssum aleine.

Les: Sotrasambandet, luftslott og globale megatrendar

Forhandla om opningsdato
Framdriftsplanen no legg opp til at kontraktstildelinga skal skje hausten 2020. Opningsdatoen for det nye Sotrasambandet vert noko ein skal forhandla om i kontrakten, ifølgje Johnsen Aase.

Les: Tilbodsutlysing på Sotrasambandet først om to år

Slik det ser ut no vert det lagt opp til at sjølve Sotrasambandet skal kunna takast i bruk ein gong i 2025. Lokalvegane vil ikkje kunna stå ferdig før to år seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.