Utsette tomtesalet

For rimeleg? For dyrt? eller kanskje kremtomten i sjøkanten på Rong burde ha vore lyst ut på den offentlege marknaden?

Plassert så og seia i sjøkanten på Rong, vert den 3,9 mål store tomten rekna for å vera den mest attraktive bustadtomten i det framtidige kommunedelsenteret.

Spørsmåla var mange då formannskapet i Øygarden onsdag diskuterte korvidt PTA Eiendom AS burde få kjøpa den 3,9 mål store tomten som er regulert til blokkbygging i sjøkanten på Rong.

Styrka Øygarden
PTA Eiendom AS har interesse av å byggja no. Dei vil auka talet på innbyggjarar i det framtidige kommunedelsenteret, og styrka Øygarden sin posisjon i konkurransen om lokaliseringa av offentlege funksjonar i den nye kommunen. Dei bør difor få kjøpa tomta, argumenterte ordførar Børge Haugetun (TVØ).

Den føreslegne prisen på ni millionar er derimot altfor høg. Her vil utbyggjar vera nøydd til å gjennomføra store spengningsarbeid før dei kan byrja å byggja. Med ein tomtekostnad på 20 millionar spørs det om dei ikkje vil mista interessa, fryktar ordføraren.

Offentleg utlysing
Tomta burde ha vore lyst ut på den offentlege marknaden, innvende Espen Harkestad. Arbeidarpartirepresentanten var elles samd i at prisen kanhende er i høgaste laget.

Det var ikkje Atle Dåvøy (KrF) samd i. 12.000 kroner kvadratmeteren for ein slikt tomt er slett ikkje mykje, samalikna med eindel andre prosjekt han har kjennskap til. Dette er kostnadar dei vil kunna henta inn att i bustadprisen.

Det er ikkje så lett å få seld bustadar i sjøkanten. Sjå berre på Straume Sjøfront, innvende Haugetun.

Tilbakekjøp?
Kommunen kan selja til kven dei vil. Tomten ikkje lysast ut. Vert prisen sett for lågt, aukar risikoen for at kjøparen vil velja å ha tomta liggjande i porteføljen, og selja til takst om nokre år. Korleis kan vi sikra oss mot at noko slikt skjer? Kanhende det bør setjast ein klausul om at dersom kjøpar ikkje byggjer innan ei viss tid, går tomta tilbake til kommunen, innvende rådmann Siri Fahlvik Pettersen.

Kravet om at utbygginga må koordinerast med kommunen sine planar om å byggja molo, vil kanhende ikkje vera så aktuelt, likevel, la Fahlvik Pettersen til.

Etter forslag frå Silvia Haugland (uavhengig) valde formannskapet å utsetja avgjerda til neste møte.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.