Cognac for connoiseurer

Berre dropar av dei aller eldste og edlaste årgangane fekk lov å fukta strupene då Kjetil Hansen og Cognac Expo inviterte til ekstremsmaking.

Cognac-samlar Tor Ansgar Bakken og dagleg leiar Kjetil Hansen i Cognac Expo med kveldens hovudattraksjon; den unike flaska Larsen Hymne au Voyage.

Som dagleg leiar for den årlege messa Cocnac Expo har Kjetil Hansen opparbeida seg eit omdøme som ein tillittvekkjande autoritet på nettopp, konjakk. Det han ikkje veit, er knapt verd å vita.

Sjuande gong
Denne helga brakar det laus for sjuande gong. 49 produsentar stillar med stands og smaksprøvar. Til stor glede for gründaren har rekordmange førehandskjøpt billettar til dagens event.

Les: Vil læra kvinner å elska konjakk

Dei mest engasjerte samlast alt i går kveld. Som ungar på julekvelden venta eit 40-tals godt vaksne menn, og nokre få kvinner, på å få smaka dropar av dei aller eldste og edlaste årgangane Hansen har klart å oppspora sidan sist.

Edel årgang
Ein 183 år gammal cognac frå Grosperrin var den eldste Hansen hadde funne fram og børsta støvet av til gårsdagens ekstremsmaking. Ein Corvosier petite champange hadde og 100-årsjubileet bak seg. For billetten på 2.600 kroner fekk dei smaka ni cognacer frå seks ulike produsentar. Ingen av dei var yngre enn 40 år.

Nokre av gjestane har kome tilreisande langvegs frå. Tromsø var rikt representert.

Her er heile lista over det som heilt sikkert vart ei minneverdig oppleving for norske cognac connoiseurer:

1835 Fins Bois Grosperrin
1910 Corvosier petite champagne
1925 Grand champagne Grosperrin
1934 Grand champagne Grosperrin
1945 Grande champagne Prunier
1955 Grand champagne Bollinaud.
1960 Petite champagne Ch. Montifaud
1930 Delpech Grande champagne.
Larsen Hymne au Voyage

Hymne au Voyage
Den siste er Larsen-familien sitt svar på linjeakevitten, destillert for 40 år sidan, i følgje Tor Ansgar Bakken som er leiar for Larsen Cognac Collector Club og som haldt innleiingsføredraget.

Cognacen vart servert frå det som truleg er verdas dyraste vikingskip. Heile 20.000 euro måtte samlaren ut med for å kunna komplettera samlinga med denne unike flaska då ho gjekk under hammaren på auksjonen La Part des Anges nyleg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.