Her lever dei lengst

Er du mann og bur i Fjell? I så fall kan du forventa å leva tre år lenger enn ein mann busett i Øygarden. Kvinner lever lengst i Sund.

Sosiale helseskilnadar er tema for stadig meir omfattande forsking. Mykje av det omfattande datagrunnlaget som er henta inn på området er samla og gjort tilgjengeleg i Folkehelseinstituttet sin statistikkbank.

Geografiske skilnadar
Vi lever stadig lengre. Forventa levealder er truleg ein av dei faktorane som har hatt sterkast positiv utvikling siste hundreåret. Men dei geografiske og sosiale skilnadane er framleis tydelege, også i kommunane vest for Bergen.

Framleis er det kvinnene som lever lengst. Ei kvinne i Sund kan forventa å verta 84,8 år. Ein mannleg sunnsokning kan til samanlikning berre sjå fram til å leva i 79,2 år.

Kortast lever kvinnene i Askøy. Her er den forventa levealderen for kvinner eitt år og to månadar kortare enn i Sund.

Kjønnsforskjellen flatar ut
Medan auken i levealder ser ut til å flata ut for kvinner, antydar ei samanlikning av datagrunnlaget for periodane 1998 – 2012 og 2002 – 2012 at mennene no er i ferd med å redusera kjønnsgapet på 5 – 6 år når det gjeld levealder.

Av mennene, er det fjellsokningane som har utsikt til å leva lengst, med ein forventa levealder på 79,4 år. Mannlege Øygardsstrilar derimot kan berre forventa å nå ein alder på 76 år og tre månadar.

Lever kortare i Øygarden
I tre av dei fire kommunane aukar levealderen. I Øygarden ser utviklinga ut til gå i motsett retning. Om vi samanliknar gjennomsnittet i periodane 1998 – 2012 og 2002 – 2016, har levealderen for mannlege Øygardsstrilar blitt redusert med 1,1 år. For kvinnene har forventa levealder gått ned med 0,8 år. Kan forklaringa vera at ein lettare arbeidsdag har ført til fleire livsstilsjukdomar?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.