Plankonferansen: Dispensasjonsfylket

Interessekonfliktane i kystsona aukar. Hordaland er framleis dispensasjonsfylke nummer ein.

Ein tredel av dei innvilga dispesasjonane i Hordaland i fjor dreide seg om tiltak i strandsona, ifølgje Kjell Kvingedal, avdelingsdirektør for miljøvern og klima hos fylkesmannen i Hordaland.

”Planlegging for bærekraft i kystsona” er tema for Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen sin felles, årlege plankonferanse som starta i dag.

Mellom dei 250 deltakarane var og ordførarar frå ti Hordlandskommunar.

Mange og samansette utfordringar
Planleggjarar, næringslivsfolk, politikarar, grunneigarar og naturvernarar. Det er mange som har ei rolle å spela inn mot samfunnsutviklinga i kystsona.

Hordaland skal vera bærekraftig, attraktivt og nyskapande. Omsynet til den økonomisk utvikling må balanserast opp mot omsynet til miljø og kulturminne, sa varaordførar Pål Kårbø (KrF) i innleiingshelsinga si.

At så mange hadde meldt seg på konferansen, betyr at mange oppfattar temaet som relevant, tenkjer fylkesvaraordføraren.

Eit hav av mogelegheitar
– Kystsona er eit hav av mogelegheitar, men den har og sine begresningar, noko trafikklyssystemet har synleggjort, understreka Kjell Kvingedal, avdelingsdirektør for miljøvern og klima hos fylkesmannen.

– Den kommunale arealplanlegginga i kystsona treng kalibrerast, hevda Kvingedal.

Dispensasjonsfylket
Kommunane i fylket godkjende i fjor 1.791 dispensasjonar. Fylkesmannen klaga på 105 av dei. Strandsona peika seg ut som området med flest dispensasjonar. Heile 579 av dispensasjonssøknadane dreide seg om tiltak i 100-metersbeltet. Fylkesmannen klaga på 10 prosent av dei, ifølgje Kvingedal.

– Hordaland er dispensasjonsfylket i Norge. Vi er nøydd å innskjerpa mogelegheitane innanfor 100-metersbeltet, hevda Kvingedal.

Aukande aktivitetsnivå
Aktiviteten i kystsona er aukande. Det er mange planar under utarbeiding, men fylkesmannen får og eit aukande tal på forureiningssaker på bordet.

– Utfordringane er mange og samansette. Vi må sikra at også komande generasjonar skal kunna leva av det havet gjev, seier avdelingsdirektøren for miljøvern og klima hos fylkesmannen i Hordaland.

Økosystem under press
– Økosystemet er under press, hevdar Kvingedal. Naturmangfaldslova vart innført for å sikra at omsynet til dei ulike interessene vert ivaretekne.

Omsynet til naturmangfaldet påverkar i aukande grad planlegginga.  Naturen må få sin rettmessige plass i dei vedtaka som vert fatta, krev Kvingedal.

Lakselusa har kontroll
For å treffa gode vedtak, vil det i aukande grad vera behov for gode sårbarhetsanalyser.

– At oppdrettsnæringa er unnateke kravet om sårbarhetsanlyser, skuldast manglande kunnskap, beklagar avdelingsdirektøren. Hos fylkesmannen har dei merka seg både overgjørdsling av fjordar og utslepp av lakselusmiddel i gyteområde.

Trafikklyssystemet er resultatet av ein spesiell situasjon: Havbruksnæringa jobbar for å få kontroll på lakselusa, men i dag er det lakselusa som har kontroll på oppdrettsnæringa, hevda Kvingedal.

Samordnande nivå
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for at kommunane avset nok areal i sjø til akvakultur. I Oppgåvemeldinga som kom før helga, fekk fylkeskommunen overført nye oppgåver.

-Fylkeskommunen er raskare å snu seg og betre til å tilpassa omstillinga lokalt enn Staten. Det trengst eit samordnande nivå mellom den statlege silotenkjinga og kommunane, freista Kårbø skapa forståing for i salen.

Les: Plankonferansen: Fiskeridirektøren vil ha fleire raudlys-indikatorar

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.