Plankonferansen: Fiskeridirektøren vil ha fleire raudlys-indikatorar

Fiskeridirektør Liv Holmefjord ser mogelegheitar i raud sone.

Etterlyser strukturendringar i oppdrettsnæringa. Kanhende kan færre, større havbruksanlegg vera vegen ut av raud sone, antydar fiskeridirektør Liv Holmefjord i Fiskeridirektorate.

Produksjonsvolumet i oppdrettsnæringa flata ut i 2012. Den økonomiske verdien har likevel halde fram med å stiga, kunne fiskeridirektør Liv Holmefjord i Fiskeridirektoratet forteljar dei 250 deltakarane under plankonferansen i Hordaland.

Kystnære strok
– For å driva god forvaltning treng vi styrka kunnskapsgrunnlaget. I dag veit vi meir om det som skjer lenger ute i havet enn i dei kystnære stroka, medgjev fiskeridirektøren.

Noko dokumentasjon om vilkåra i dei lokale økosystema finst rett nok, men han treng setjast i system.

Etterlyser dokumentasjon
Med aukande aktivitetsnivå i kystsona, aukar også konfliktnivået. Konfliktane kring havbruk er dei som aukar mest. Diverre er ikkje alle faktorane om korleis havbruket påverkar andre interesser like godt dokumenterte, ifølgje Holmefjord.

Føre-var
Korleis utslepp av lusevatn påverkar den lokale fiskebestanden er eitt av dei temaene fiskeridirektøren gjerne skulle ha visst meir om. I mangel på kunnskap må Fiskeridirektoratet handla ut frå føre-var-prinsippet.

Vekstforbod
Trafikklyssystemet for havbruksnæringa, som vart innført i 2017, plasserer Hordaland i raud sone, med forbod mot volumvekst i produksjonen.

Les: Lokalt havbruk har fått vekstforbod

Lakselusa sin påverknad på villaksen har så langt vore einaste indikator for sone-inndelinga, ifølgje Holmefjord.

Politisk avgjerd
– Nivået for kva som vert sett som akseptablet er ei politisk avgjerd, basert på faglege råd, seier fiskeridirektøren.

Fleire indikatorar
– Å snakka berre om lakselus vert for snevert. Vi treng fleire indikatorar. Trafikklyssystemet må utviklast vidare, krev Holmefjord.

Mange små anlegg
Ein analyse av den raude sona frå Karmøy til Sotra (sone 3) viser at dette er den lokaliteten som har tettaste førekomsten av anlegg, 25 per kvadratkilometer sjøareal.

I grøn sone er det til samanlikning færre enn 10 anlegg per kvadratkilometer.

Sone 3 er også den sona med største produksjonen per kvadratmeter havflate. Området er kjenneteikna ved å ha mange små aktørar, med små anlegg, seier Holmefjord,

Stilla krav til næringa
– Vi må ikkje stoppa å planlegga for akvakultur fordi om vi er i raud sone, seier Holmefjord.

– Vi må stilla krav til næringa. Lokalitetsstrukturen må betrast, fastslår fiskeridirektøren.

Kanhende kan færre, større anlegg vera ein veg ut av den raude sona, antydar ho.

Les: Vil ut av raud sone

Arealtiltak
Arealtiltak kan også vera ein farbar veg i fiskeriforvaltninga, tenkjer Holmefjord.

Verneområdet for hummer er døme på eit vellukka tiltak, og som fiskeridirektøren kan tenkja seg vert overført til andre samanhangar.

Ser mogelegheitar
Eit anna viktig spørsmål som opptek ekspertane i Fiskeridirektoratet om dagen er korleis det kan vera mogeleg å få til synergiar mellom ulike interesser.

– Det er mogelegheitar i raud sone, hevdar fiskeridirektør Liv Holmefjord i Fiskeridirektoratet.

Les: Plankonferansen: Dispensasjonsfylket

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.