Tek avstand frå bompengebruken

Snart vert bomringen rundt Bergen utvida. No tek opphavsmannen til bomringane avstand frå korleis dei innkravde pengane vert nytta.

Bybanen er populær, men mange mislikar at så stor andel av bompengane bilistane betalar vert nytta til andre tiltak enn veg.

Då Bergen innførte den første bomringen i 1985, var det på initiativ frå Arild Eggen, dåverande plansjef i statens vegvesen.

I dag er den pensjonerte planleggjaren sterkt kritisk til bomringane kring byane og at bilistane skal betala for skinnegåande bybanar, ifølgje Motor.

Det var lovnaden om at bompengane skulle nyttast til å betra framkomsten til bilistane som overtydde lokalpolitikarane i Bergen om at dei burde slå ein bomring rundt byen, eit tiltak som til då var ukjend i Norge.

– No vert bomring-pengane nytta til heilt andre ting enn å byggja eit godt og teneleg vegnett, seier Eggen til Motor.

I Bergen går halvparten av bypakkemilliardane til utbygging av bybanen. Knapt kvar tredje krone i bypakkane til dei store byane kjem bilistane til gode. Mesteparten vert nytta til gåande, syklande og kollektivreisande, ifølgje Motor.

Eggen stiller spørsmål ved prioriteringa: – Bybanen brukar over dobbelt så lang tid som flybussen frå Flesland til Bergen sentrum, hevdar han.

Pengane frå bomringane må nyttast slik at både bilistane og dei som reiser kollektivt får ein betre kvardag, seier Eggen.

Bomringane sin opphavsmann understrekar at han ikkje er mot innkrevjing av bompengar på konkrete prosjekt, som ein ny veg, bru eller tunnel.

– Vilkåret må vera at bilistane ser at dei får noko att for pengane, seier Eggen til Motor.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.