Askøy kjem godt ut i Hordaland fylkeskommune sitt forslag til investeringsbudsjett for 2019.

I forslaget til budsjett for Hordaland fylkeskommune i 2019 som vart lagt fram i dag, vert det sett av 255 millionar kroner til gjennomføring av fleire av prosjekta i Askøypakken.
Les: Manglar 800 millionar til Askøypakken
Til utbetring av Horsøyvegen vert det føreslege å løyva 15 millionar kroner av dei totale kostnadane på 100 millionar.
Til den lenge etterlengta utbygginga av Askøy vidaregåande skule vert det føreslege å investera 29 millionar neste år. Dei resterande 440 millionane vil verta fordelte med 80 millionar i 2020, 200 millionar i 2021, og 160 millionar i 2022.
Advertisements
1 Comment