Ny fv. 555 Kolltveit – Austefjorden: – Styr unna denne flaskehalsen

Lag den lange tunnelen austom Fjell sentrum først, og la dagens veg gjennom sentrum verta lokalveg.

Det vert ikkje lett å få aksept for å krevja inn bompengar dersom den verste flaksehalsen framleis står att og bilistane må køyra i 40 over fartsdumpane gjennom Fjell sentrum, seier Olav Kåre Fjell.

Når Statens vegvesen ein gong på tampen av neste tiår startar arbeidet med å utbetra Fv. 555 Kolltveit – Austefjorden, bør dei starta med å laga den lange tunnelen utanom Fjell sentrum, hevdar Olav Kåre Fjell.

Den 2,8 kilometer lange tunnelen vert planlagt å gå frå Blommen, under Fjell Festning og munna ut like før parkeringa ved festninga, i følgje forslaget til detaljreguleringsplan som vart behandla i Komité for plan og utbygging i september og som snart vert lagt ut på høyring.

Dei to alternativa. Lang tunnel på 2,8 kilometer utanom Fjell sentrum, og ei oppgradering av den smale vegen over Krossleitet.

Fase 2 – Sotrasambandet
Forlenginga av Fv. 555 frå Kolltveit til Sund inngår som fase to i bygginga av nytt Sotrasamband. Hovudmålet er å få ei rask, effektiv og trafikksikker trafikkåre frå Sund til Kolltveit, vidare nordover og til Bergen. Dei samfunnsmessige fordelane med
ein ny veg av god standard, samt ringverknadene det kan få for næringsaktivitet og attraktivitet for busetjing, vert vurdert som større enn dei negative konsekvensane av planframlegget, skriv rådmannen i Fjell.

Korta reisetida
Olav Kåre Fjell er ein av dei ti fjellsokningane som sende inn privat merknad då vegplanen skulle inn i kommuneplanen.

Bonden på søre Fjell ser mange fordelar med ein lang tunnel:
– Sundsokningane vil kunna køyra gjennom tunnelen i 80 kilometer i timen, utanom 40-kilometersona, fartsdumpane, kyrkja, barnehagen, butikkane og køane som gjerne oppstår i Fjell sentrum, argumenterer han.

Les: Nye Øygarden nord – sør i 80 kilometer i timen

Spara 100 millionar
Med ein lang tunnel utanom Fjell sentrum vil strekkja Kolltveit – Fjell festning kosta 1,4 milliardar kroner, har Statens vegvesen rekna ut.

For å spara pengar på kort sikt, tilrår Statens vegvesen at det istaden vert gjort ei midlertidig utbetring av den smale, svingete vegen over Krossleitet. Eventuelt at ein lagar ein kort tunnel under det sundsokningane kallar ”fjellovergangen” på grunn av alle ulukkene vinterstid.

Ein kort tunnel under Krossleitet er kalkulert til 245 millionar kroner. Ei slik etappevis utbygging vil fordyra heile prosjektet med knappe 100 millionar kroner, ifølgje sakspapira.

-Med ei slik løysing vil den verste flaskehalsen, gjennom Fjell sentrum, framleis stå att, innvender Fjell.

Utsett på ubestemt tid
Faren med ei midlertidig løysing over Krossleitet, er at den lange tunnelen utanom Fjell sentrum kan verta utsett til langt inn i framtida, ifølgje framlegget til detaljreguleringsplan.

-Ei midlertidig utbetring av dagens veg over Krossleitet vil vera vekkasta pengar, tenkjer bonden på søre Fjell.

Velvilje for bompengar
Dei politiske signala går ut på at fase 2 av Sotrasambandet skal finansierast ved hjelp av bompengar.

– Folk vil steila dersom dei vert nøydde til å betala bompengar for ein kvasiløysing over Krossleitet der dei framleis må køyra i 40 over fartsdumpane i Fjell sentrum, seier Fjell.

Istaden oppfordrar han politikarane til å gå for ei løysing som kan bidra til å auka publikum sin velvilje til å betala bompengar:

– Det vil vera lettare å vinna aksept for bompengar dersom folk ser at dei får noko att for pengane, at dei kjem seg raskare fram. Med ein lang tunnel utanom Fjell sentrum vil dei kunna korta reisetida til Sund med inntil 10 – 15 minutt, hevdar Olav Kåre Fjell.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.