På mandag vert det avgjort

Tilsetjing av første rådmannen i nye Øygarden er einaste punkt på dagsorden når Fellesnemnda mandag samlast til ekstraordinært møte.

Rune Lid og Berit Rystad er sterke kandidatar til rådmannstillina i nye Øygarden. Vil tilsetjingsnemnda føretrekkja ein av dei «ukjende» søkjarane?

På møtet vil tilsetjingsutvalet si innstilling verta lagt fram for politikarane til avgjerd.

Både prosjektrådmann Rune Lid og tidlegare plansjef i Fjell, Berit Rystad, vert rekna som sterke kandidatar med kjennskap til den nye kommunen.

Rune Lid har vist eit fast grep om framdrifta av bygginga av den nye felles organisasjonen. Berit Rystad forlot stillinga i Fjell for å verta leiar for sykkel og mobilitet i Bergen.

Les: No vil ho verta rådmann

Totalt melde det seg 13 interessentar til den utlyste stillinga. Fire av dei kravde at namnet deira vert halde unna offentlegheit. Det er difor ikkje utenkjeleg at tilsetjingsnemnda kan ha landa på ein overraskande kandidat.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.