Då silda forsvann

Ein serie tekniske innovasjonar revolusjonerte sildefisket på 1950-talet, men så tømte dei havet for sild…

Frå dei gode tidene.

Godt vaksne Sotra-strilar har høyrt om ”silda som forsvann” tidleg på 1960-talet. Det brå bortfallet av ein kritisk naturressurs utløyste ei dramatisk omveltning av Sotra-samfunnet, og skulle koma til å føra oss inn i oljealderen.

Historikar Anders Haaland, som tidlegare har vore styrar for Fiskerimuseet i Bergen, meiner han kan forklara bakgrunnen for det som skjedde. Nyleg testa han teoriane på pensjonerte fiskarar i naustet på Libasbruket.

Toppåret 1956

Anders Håland var tidlegare styrar for Fiskerimuseet i Bergen.

Toppåret for vintersildfiske var 1956, med fangst av ufattelege 12,6 millionar hektoliter sild. Verken før eller seinare har det vore landa så mykje sild her til lands. Fem år seinare var fangsten redusert til 0,74 millionar hektoliter – under ein tidel, ifølgje Haaland.

Henry Lie (87) deltok i fisket både i rekordåret og året etter. Han var med svogeren Ole P. Lie og det familieeigde snurpefartøyet Sjarmør på vintersildfiske på Finnmarkskysten.

Med sin 100 fot var Sjarmør eit av dei få større snurpefartøya i Fjell. Henry sin plass var i om bord i ein av dei små dorryane som følgde med fartøyet og som vart nytta når nota skulle setjast og halast inn.

– Veret kunne vera ruskje, og vi fraus mykje. Alle hadde heimaspøta vottar, minnast den no for lengst pensjonerte fiskaren.

Vottane kom vel med, ikkje berre for å halda varmen:
– Nota måtte halast inn med handamakt. Det var mykje slit, seier han.

Henry Lie (87) (th) fortel nevøen Peder O. Lie, om då han var med far hans, Ole P. Lie, ombord på familien sitt snurpefartøy «Sjarmør» toppåret 1956.

I 1956 vart slitet godt løna. Mannskapslotten det året var på 10.000 kroner. Ein uhørt sum den gongen for tre månadars arbeid.

– Eg kjende meg som ein millionær, smiler Henry Lie ved minnet.

Ein industriarbeidar tente til samanlikning 12.000 kroner gjennom eit heilt år.

Situasjonen var dramatisk
Så snudde fiskelukka. Dei neste åra fekk dei 600 registrerte snurpefartøya minimale fangstar. Fortenesta på 43.000 kroner per båt i 1956 vart snudd til eit underskot på 77.000 alt i 1958, ifølgje Haaland.

Les: Basen på Liaskjæret

Langt frå alle reiarar klarte dekka renter og avdrag.

Situasjonen var dramatisk: Dei nærare 27.800 fiskarane som hadde delteke i fisket måtte plutseleg nøya seg med ein mistelott på kring 800 kroner. No hadde dei valet mellom å finna nye bestandar å fiska på, ute på opne havet, eller finna seg anna arbeid.

Sildefisket var sesongprega. Det at ressursgrunnlaget brått vart vekke, førte til omfattande omstillingar i arbeidslivet både på land og innan fiskeria. Mange av deltakarane hadde vore fiskarbønder. Det at silda vart vekke, innebar på mange måtar også slutten for fiskarbøndene. Talet på yrkesfiskarar fekk imidlertid ein liten auke i denne perioden.

Mange båtar måtte byggjast om. Eindel reiarar valde å satsa på det eventyrlege størjefisket. Altfor seint gjekk det opp for dei at makrellstørja kom fordi ho beita på sildeyngel.

Les: Størjekongen frå Ramsøy

Snurpenota
Myke av årsaka til at silda vart vekke finn vi i ein serie tekniske innovasjonar som vart innført i raskt tempo.

Den revolusjonerande utviklinga starta med snurpenota, som representerte ein langt meir effektiv fangstmetode enn landnota.

For brislingfisket skjedde overgangen frå landnot til snurpenot alt før første verdskrigen. Prisen på ei snurpenot var overkomeleg. Snurpefisket kunne utførast med ganske små båtar. Båtar som fiskarane hadde råd til å kjøpa, for det stor ikkje til å nekta for at dei mange konkursane etter jobbetida skremte både fiskarar og bankar frå å ta opp gjeld.

Inntekta frå brislingfisket sette fiskarane, som i mange tilfelle og deltok i sildefisket, i stand til å kjøpa seg snurpenot for vintersild, og etter kvart og større snurpebåtar.

Forsiktige investeringar
Mange av fiskarane kjøpte seg snurpenot til bruk i vintersildfisket før dei hadde råd til å kjøpe ein så stor båt som trengtes (over 80-90 fot) for å kunne frakte dorryane opphengt i davitar.

Nokre løyste ‘problemet’ med å slepa hjelpebåtane etter fartøy heilt ned i 50 fot. Andre valde å verta leigebasar for fiskedampskipsreiarar, til dømes i Ålesund. Som leigebas kunna dei nytta si eiga snurpenot, i tillegg til reiaren si. Neste steg var å leiga seg eit stort snurpefartøy, før de omsider hadde tent nok til å kunna kjøpe sitt eige.

Mange av fiskarane frå Fjell/Sund/Austevoll hang lenge ved landnota, mellom anna folka på Liaskjæret. På slutten av 1930-talet vart snurpenøtene likevel meir og meir vanleg, og på våre kantar, ifølgje Haaland.

Konkurranse om største fangsten
Etter krigen konkurrerte båtane om å ta dei største fangstane. Resultata vart listeført. Beste båten fekk tildelt ”Sølvsilda”. Nyhenda frå fiskefelta fekk like stor merksemd i media som reportasjane frå petroleumsnæringa får i dag, ifølgje Haaland.

Fiskarane frå Fjell, Sund og Austevoll dreiv primært snurpefiske etter vintersild frå eigne båtar i åra 1945–1962/63, som kystfiske.

I 1948 fantes det 59 snurpenøter berre i Fjell. Kommunen låg på landstoppen, saman med Austevoll. I Sund eigde dei 43. I 1960 fantes det 100 snurpenøter i Fjell, nok til å sikra tredjeplassen i landssamanhang. Austevoll dominerte på ein klar førsteplass, med 160 snurpenøter.

Samstundes auka snurpenota sin del av fangstane frå 10 prosent i 1910, til 43 prosent i 1935 og til heile 68 prosent i 1956.

Med ringnotfisket på ope hav var det nye artar som overtok. Først kom makrell og nordsjøsild. Då dei førekomstane minka, overtok lodda.

Ringnot-revolusjonen
Den brå nedgangen i vintersildfisket etter 1956 tvang fram ein drastisk omlegging frå kystfiske med snurpenot og dorryar, til ringnotfiske på ope hav etter pelagiske artar som ikkje søkjer til norskekysten for å gyta, som nordsjøsild og makrell.

Delvis uavhengig av dette vart det innført ei rekkje nye tekniske innovasjonar som revolusjonerte fisket totalt. Ei utvikling der norske sildefiskarar ikkje var mellom pionerane, ifølgje Haaland.

Snurpefartøy bygde i tre vart erstatta av stålbåtar. Med sonar på brua kunna basen oppdaga silda på djupet i inntil tre kilometers omkrins og planleggja kvar nota burde setjast for optimal fangst. Sidepropellar gjorde det einklare å manøvrera fartøyet slik at nota vart sett akkurat der basen såg at silda venta.

Nøtene vart ikkje lenger laga av bomull, men av nylon, eit langt lettare, sterkare og vedlikehaldsfritt materiale. Slik forsvann grunnlaget for dei mange nothengjene.

Les: Steller til fest på Hengjo

Ole P. og Peder o Lie ombord på nye Libas i 1978. Teknologien har overteke i styrhuset.

Frå kyst til ope hav
Etterkvart slapp fiskarar som Henry Lie nokre av dei aller tyngste taka. Den motoriserte kraftblokka gjorde det mogeleg å løfta dei fulle nøtene opp på dekk, utan hjelp frå sterke nevar om bord i dorryar. For effektiv bruk av kraftblokka måtte nøtene ha ein annan fasong enn snurpenota – slik vart ringnota ein realitet.

Utan behov for dorryar vart det mindre risikofylt å fiska i ope hav, sjølv i dårleg ver og i høge bølgjer. No var det ikkje lenger behov for like stort mannskap om bord. Dei 7 – 8 mennene som tidlegare hadde bemanna dorryane var det ikkje lenger arbeidsoppgåver til.

Sildepumpa halverte tida det tok å tømma nota. Bruk av kjemikalier som formalin gjorde at ein kunna bevara silda som skulle leverast til sildemjøl. Kjøletankar gjorde det mogeleg å halda konsumfisken fersk undervegs frå fiskefelta og inn til mottaka på kysten.

– Fiskeria fekk preg av industriell jakt. Dei nærast støvsugde havet for sild, seier Haaland.

Tid for å satsa
For nokon var dette tida for å satsa. I 1967 hadde alle større båtar gått over til kraftblokk og ringnot. 98 av dei var heimehøyrande i Hordaland.

På Liaskjæret hadde Ole P. Lie På Liaskjæret kjøpt ”Sjarmør” i 1952. Det 100 fot lange snurpefartøyet i tre kunna lasta 3.000 hl sild og kosta 550.000 kroner, fullt utstyrt.

I 1966 kjøpte dei dei ombygde kvalfangarskuta Libas.

Sardinfabrikkar
Brislingfisket i fjordane var begrensa i omfang, men gav grunnlag for etablering av ei heil rekkje hermetikkfabrikkar langs Hordalandskysten.

Midt på 1930-talet fantes heile 30 sardinfabrikkar i fylket. Hermetikkfabrikkane mellom anna på Kolltveit, Misje og Hellesøy gav grunnlag for lokale arbeidsplassar med sesongdrift.

Les: Kolltveit – det gløymde industrieventyret

På Askøy var fabrikkane på Hetlevik, Follesø, Horsøy, Hauglandshella og Davanger i drift i 1929.

Dei mange fabrikkane førte til at det var konkurranse om råstoffet, og god betaling til fiskarane.

Sardinfabrikken på Kolltveit kom i gang i 1912, og vart gjenoppstarta etter konkurs i 1915 i regi av Bergen Preserving Co, og med tunge investorar frå Bergen på eigarsida. Disponent John Pedersen sytte for at fabrikken vart ei av dei største verksemdene i sitt slag i Hordaland, med kontroll over 12 – 15 andre fabrikkar spreidde ut over i fire fylke.

Komplekse årsakssamanhangar
Tekniske innovasjonar aleine duger ikkje som forklaring på at silda forsvann. Som i dei fleste andre tilfelle snakkar vi om komplekse årsakssamanhangar.

Internasjonalisering er ein del av forklaringa. Med større fartøy kunne norske fiskarar i stadig større grad delta i fiske etter NGV-sild i ope hav ved Island og seinare i Barentshavet. Etterkvart jakta både islendingar og russarar på det same ressursgrunnlaget som nordmennene.

Manglande kunnskap om storleiken på gytebestanden og manglande regulering av fisket er eit tredje elementet.

Velstandsutviklinga på Sotra hadde følgt dei naturlege svingningane og gode og dårlege sildeår sidan tidleg på 1800-talet. I norsk havforsking var det lenge en gjengs teori at ingenting menneska gjorde kunne påverka fisket. Den leiande norske havsildeforskaren Finn Devold nekta i det lengste på at dei store fangstane i realiteten innebar ei overbeskatning av sildestamma. Det russiske forslaget om å freda småsilda, ville han ikkje høyra snakk om, ifølgje Haaland.

I dag er forskarane samde om at naturtilhøve, som ernæring og temperatur i havet under gyting, er utslagsgjevande for storleiken på årsklassene, ifølgje historikaren.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.