Kom sigrande ut av rådmannsduell

Det er no klart at Rune Lid vert første rådmann i Nye Øygarden kommune.

Med eit breidt smil vart Rune Lid klappa inn etter at ei samrøystes Fellesnemnd hadde valt han til første rådmann i Nye Øygarden.

Ein historisk dag, innleia leiar Børge Haugetun dagens ekstraordinære møte i Fellesnemnda.

Etter ein omfattande prosess sat tilsetjingsutvalet att med to sterke kandidatar; ein intern og ein av dei som var unnateke offentlegheit. Det måtte fleire møte i utvalet til før dei klarte å landa på ein samrøystes konklusjon, fortalde Haugetun.

-Rune Lid har levert over tid. Han har hevda seg i konkurranse mot dei eksterne kandidatane, grunngjev Haugetun tilsetjingsnemnda sin konklusjon.

Det var ei samrøystes Fellesnemnd som slutta opp under konklusjonen frå tilsetjingsutvalet.

-Tusen takk for tillitten. Dette vert ein krevjande jobb. Eg skal gjera alt som står i mi makt for at dette skal lukkast, kvitterte Rune Lid etter at han vart klappa inn til møtet i Fellesnemnda.

Han imponerte
-Det imponerte utvalet at Rune framstod på ein ny og profesjonell måte som vi ikkje hadde sett frå han tidlegare, legg leiaren i Fellesnemnda til.

Her kan du lesa intervjuet nettavisa Tunnelsyn.no gjorde med Rune Lid før sommaren: -No gjeld det å gjera dei rette prioriteringane

Motkandidaten hadde lang erfaring frå høge offentlege stillingar. Det hadde og Rune Lid. Når vi ser kva som er gjort frå mars og fram til no, ser vi at prosjektet har gjort eit kvantesprang. Det var ikkje mogeleg å skilja han ut på kvalitet, anna enn på ein positiv måte.

-Vi vurderte det slik at risikoen var lavast med Rune. Fleire av dei andre ville utvilsomt ha kunna ha gjort ein god jobb, sjølv om dei ville ha måtta bruka noko tid på å setja seg inn i status på prosjektet.

-Rune oppfyller på alle kravspesifikasjonar som vart sett. Det er ikkje slik at ein her sit att med den interne kandidaten fordi ein ikkje hadde noko utval å velja i. Han var den framste kandidaten i konkurranse med knallsterke kandidatar utanfrå, seier Haugetun.

Omfattande prosess
Arbeidet med å finna første rådmann i Nye Øygarden var ein omfattande prosess, med start før ferien, og utlysing medio august. Søkndasfristen var 12. september. Fire kvinner og åtte menn søkte. Fira av søkjarane fekk innvilga unntak frå offentlegheit.

Sju kandidatar vart plukka ut til første intervjurunde. Det var sju sterke kandidatar, ifølgje Haugetun.

Sterke kandidatar
Fem av kandidatane var kalla inn til testar hos Headvisor, full referansesjekk og innkalling til andre gongs intervju. Fekk oppgåve å løysa case, presentera for utvalet. Caset gjekk ut på å svara på korleis dei ville løysa prosjektleiaroppdraget fram til 1.1.2020. Her måtte dei og begrunna kvifor nettopp dei burde tilsetjast i stillinga.

-Samtlege av dei fem ville ha kunna fungert og gjort ein god jobb som rådmann i Nye Øygarden, seier Haugetun.

-Dei fleste som vart kalla inn til andre gongs intervju var rådmenn eller toppleiarar på høgt offentleg nivå.

Her kan du lesa søkjarlista: No vil ho verta rådmann

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.