Vil kutta i Askøypakken

Statens vegvesen håpar å kunna spara 100 – 200 millionar kroner på å leggja om og foreinkla traseen for ny fylkesveg 562 mellom Lavik og Haugland.

Laviksvingane vert historie. Ny veglinje utanom Laviksvingane står framleis på dagsorden til Statens vegvesen. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Det er Statens vegvesen som melder dette på heimesidene sine.

Ny Fv. 562 Lavik – Haugland er det største og dyraste delprosjektet i Askøypakken. Opphaveleg var delprosjektet kostnadsrekna til 650 millionar kroner.

Kostnadssprekk
Kostnadssprekk på 800 millionar kroner for heile heile Askøypakken har tvunge Statens vegvesen til å tenkja nytt og finna alternative løysingar for delar av dei ti prioriterte strekkjene.

Les: Manglar 800 millionar til Askøypakken

Reguleringsplanen mellom Lavik og Haugland la opphaveleg opp til å laga 3,4 kilometer ny fylkesveg, med atskilt gang- og sykkelveg på sida. I tillegg vart det planlagt 5,4 kilometer med nye sidevegar.

Beheld dagens veg
I framlegget Statens vegvesen no har på teiknebrettet står planen om den atskilte gang- og sykkelvegen framleis øvst på prioriteringslista.

Lengda med ny fylkesveg vert derimot føreslege redusert til to kilometer. I staden ønskjer Statens vegvesen å behalda dagens veglinje på dei strekkjene der standarden er god nok. Også sidevegane vil få merka sparekniven. Berre 2,5 kilometer av dagens vegar har en slik standard at Statens vegvesen meinar det er naudsynt å byggja ny.

Foreinklinga vil innebera at talet på kryss vert redusert frå seks til fem. Talet på bruer vert føreslege redusert frå sju til fire. Dessutan vil tre gangkulvertar verta tekne ut av planen.

Krev dispensasjon
Endringane Statens vegvesen no føresler vil krevja at Askøy kommune gjev dispensasjon frå den godkjende reguleringsplanen.

Onsdag 7. november vil Statens vegvesen informera om planane på eit folkemøte på Ravnanger ungdomsskule.

255 millionar
Budsjettsprekken til trass har vegeigar Hordaland fylkeskommune tidlegare vedteke å halda fast på at alle dei prioriterte vegstrekkjene skal byggjast, utan å løyva ekstra midlar til prosjektet. For 2019 planlegg fylkeskommunen å tildela 255 millionar kroner til Askøypakken.

Les: Fylkeskommunen planlegg store investeringar på Askøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.