Avinor med forslag til nye helikoptertraséar

Under utarbeidinga av nye helikoptertraséar over Sotra har det vore viktig å hindra at nokre få endar opp med alle støyplagene.

Henning Ekerhovd (tv), leiar for KPU, gler seg over at dei raude og gule støysonene ser ut til å krympa fram mot 2028. Direktør Aslak Sverdrup i Avinor har hatt ein omfattande jobb med å balansera Sotrastrilen sine støyplager opp mot omsynet til tryggleiken for helikopterpassasjerane.

Avinor stilte mannsterke då dei saman med Fjell kommune inviterte til folkemøte om arbeidet med nye helikoptertraséar over Sotra. Det same gjorde Sotrastrilen, 60 – 70 personar frå alle delar av kommunen fann vegen til rådhuset i Fjell for å få med seg orienteringa.

Ein rykande fersk støyrapport, utarbeid av Sintef, var utgangspunkt for Avinor sin presentasjon.

Mindre støyplager

Helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen er største kjelda til flystøy over Sotra og Askøy. I 2017 gjorde helikopter 13.366 overflygingar over områda. Talet på overflygingar vil flata ut det komande tiåret, tenkjer dei i Avinor på grunnlag av prognoser frå Transportøkonomisk Institutt.

Sotrastrilane vil og kunna forventa at støyplagene vert reduserte som følgje av at nye og meir støysvake helikopter vert tekne i bruk. Avinor er i forhandlingar både med operatørverksemdene og med produsentar, fortalde direktør Aslak Sverdrup i Avinor på Flesland.

Folketettleik
Nettavisa Tunnelsyn kunne for to år sidan avsløra Avinor sitt forslag til nye helikoptertraséar med utgangspunkt i kart over folketettleiken i kommunane.

Les: Slik vil Avinor unngå helikopter over tett befolka Litle Sotra

Avinor har i mellomtida nytta tilbakemeldingane, mellom anna frå Fjell og Sund kommunar, til å utarbeida framtidige helikoptertraséar der færrast mogeleg vil verta plaga av støy. Samstundes har det vore eit krav at dei nye traséane må vera trygge å fly, fortalde Sverdrup.

Fleire traséar
Avveginga mellom støyplager og tryggleik gjer at framtidig helikoptertrafikk skal passera Sotra i 3.000 fots høgde, i ein fart av 120 knop. Ved avgang og landing vil dei likevel kunna passera heilt ned i 400 fots høgde, til dømes over Bjorøy.

Omsynet til tryggleiken under ulike sikt og vêr- og vind-tilhøve, medfører at Avinor framleis vil ha behov for fleire ulike inn- og utflygingstrasear for helikopter over Sotra og Askøy. Der det er mogeleg har dei likevel forsøkt å leggja traséane over sjø, ifølgje Sverdrup.

Skjerma skular og barnehagar
Å skjerma skular og barnehagar har vore viktig for Fjell kommune. Likeeins har dei uttrykt ønskje om å spreia helikoptertraséane, for å unngå at nokre få får alle plagene, fortalde rådgjevar Hanna Gjesdal i Fjell kommune.

Forureining
Flystøy har eigenskapar som gjer at dei som vert eksponerte kan verta påført varige helseskader. Støy vert difor rekna som forureining, og får ikkje overstiga 52 dB utandørs gjennom eit heilt år.

Det er denne grensa Avinor har lagt til grunn når dei no føreslår å justera gul og raud støysone rundt Flesland.

Teoretiske støyberekningar

I støyrapporten vert det gjort teoretiske berekningar av framtidig støybelastning. Lokal topografi og prognoser over utviklinga i talet på overflygingar og flytype er faktorar som inngår i dei komplekse reknestykka.

Dei teoretiske berekningane er ikkje perfekte, medgår dei i Avinor. Utbyggjarar og andre som ønskjer å byggja i gul eller raud sone står difor fritt til å gjennomføra faktiske støymålingar i dei aktuelle områda som viser at tiltaka ikkje vil overstiga krava til utandørs støynivå. Eventuelt at dei føreslår avbøtande tiltak som vil kunna bringa støynivået under den tillatne grensa.

Henning Ekerhovd, leiar for Komité for plan og utvikling i Fjell var ein av dei som gav uttrykk for glede over at det no ser ut til at dei gule og raude sonene vil krympa fram mot 2028.

Advertisements

2 Comments

  1. Flytt hele helikopterlandingsplassen til et ubefolket område i øygarden og dette er ikke lenger et problem.

    Likar

    1. Hei,

      Interessant tanke. Det har vore mange forslag om alternative plasseringar av helikopterlandingsplassen siste åra. Veit at sterke krefter, mellom anna i FrP, ønska å flytta han til Sund.

      Kva vil vera fordelen med å flytta han til Øygarden, tenkjer du? Kor langt nord i Øygarden må du for å finna den ideelle staden?

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.