Gründerverksemdene mistar moment

Det er blitt meir krevjande å lukkast som gründer i fisk- og oljekommunane vest for Bergen.

I 215 gjekk Straume-verksemda IKM Cleandrill AS heilt til topps i den nasjonale Gaselle-kåringa. Her vert gründarane Kjetil Lavik, Harald Hufthammar og Sveinung Olsen intervjua av sjefredaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv.

 

(Saka er oppdatert.)

Talet på gaselleverksemder i Hordaland har gått ned frå 254 i fjor til 226 i år, ifølgje Dagens Næringsliv.

Dagens Næringsliv, i samarbeid med konsulentverksemda PwC og kredittinformasjonsverksemda Bisnode, kårar årleg dei norske verksemdene som har hatt sterkast vest siste åra. No knyter det seg stor spenning til vinnarane for 2018.

Ei gaselle er eit aksjeselskap som minst har dobla omsetninga dei siste fire åra. Det samla driftsresultatet er positivt, og verksemda har ikkje opplevd negativ vekst.

Fjell
Gründerane i Fjell særleg, ser ut til å slita langt hardare no enn tidlegare. I vekstkommunen som i fjor fekk ros frå DN-redaktør Amund Djuve for sitt varierte næringsliv og sine mange spretne vekstverksemder, er talet på gaseller halvert siste året. Ti gaseller for 2018 er 3,9 per 10.000 innbyggjarar. Langt unna det nasjonale snittet på 6,1 og under snittet i Hordaland på 4,3, ifølgje Dagens Næringsliv.

Les: Imponert over næringslivet i Fjell

Sandnes Service Team AS vart den mest vekstkraftige verksemda i Fjell dette året, på ein 36. plass i fylket.

Til topps
Fjell har ein historie å forsvara i DN si gasellekåring. I 2015 gjekk Fjell-verksemda IKM Cleandrill AS heilt til topps i den nasjonale kåringa, etter å ha utkonkurrert ei anna Fjell-verksemd, Air Liquid Offshore AS om plassen øvst på pallen i Hordland.

Verksemda som har som forretningsidé å læra oljebransjen å tenkja miljø, gjekk til topps i den fylkesvise finalen også i 2016.

Les: Vil læra oljeselskapa å tenkja miljø

Hevdar seg best
Sund er den kommunen i region vest som hevdar seg best i den nasjonale konkurransen dette året. Tre gaselleverksemder tilsvarar 4,2 per 10.000 innbyggjarar.

Sund-verksemda Høyland Offshore AS havna på 8. plass i fylkesfinalen, og vart dermed den verksemda frå regionen som hevda seg best dette året

Askøy er einaste kommunen som kan visa til ei positiv utvikling samanlikna med i fjor. Askøy kan i år visa til to fleire gaselleverksemder enn Fjell, noko som inneber at kommunen har 4,1 gaseller per 10.000 innbyggjar. Best ut kom Montera AS, på ein 23. plass.

Øygarden har i år, som i fjor, ei gaselle, nemleg Br. Torsvik AS.

Vinnaren
Vinnar i Hordlandsfinalen i 2018 vart Eide Fjordbruk As frå Fusa. Jondal er det fylket i Hordaland som i år kan visa til flest gaselleverksemder samanlikna med folketalet. Austevoll kjem på andreplass.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.