Dar kjem dampen

”Laurdag klokka 14.15”. Omgrepet fungerte i fleire tiår som ein felles kode for strilar, hardingar, sunnhordlendingar, sogningar og bergensarar.

D/S Stavenes på veg ut Hjeltefjorden i dag. Veteranskipet har ein spesiell plass i Øyvin Konglevoll sitt hjarta.

Alle visste kva det var snakk om. På dette klokkeslettet tuta det i dampfløyter på Vågen i Bergen. Dei mange fjordabåtane i Hordaland og Sogn og Fjordane hadde felles avgang for å frakta strilar, hardingar, sunnhordlendingar og sogningar heim til helga, fortel Øyvin Konglevoll.

Øyvin Konglevoll var «skippar» for Fjordsteam 2018. No dreg han rundt og held føredrag om fjordabåtane sin historie.

– Med Vågen full av kolfyrte dampskip, hang det nok litt røyk over Bergen den gongen og, humrar Konglevoll.

I videoen under kan du sjå sjøbussen Vestgar og mange av dei andre veteranbåtane under Fjordstram 2018.

Fjordabåtane sin historie
”Skipparen” for Fjordsteam 2018, og leiaren for restaureringa av veteranskipet Stavenes, lever og andar for dei mange veteranbåtane som enno seglar i Bergensområdet. Tidlegare i veka var han på Rong for å fortelja historia om fjordabåtane.

Les: Full steam på fjorden

Klenodier
Ein historie som starta på 1850-talet og som fort kunne ha enda ettersom stadig fleire bruer batt øyane saman og bana veg for personbilen, og hurtigbåten avløyste DS Sunnhordland i 1973.

Historia hadde gått i gløymeboka hadde det ikkje vore for trubaduren Ivar Medaas og songen ”Dar kjem dampen”. Takka vera Medaas fekk strilar, sunnhordlendingar, hardingar og bergensarar augene opp for at vi burde ta vare på desse klenodia, tenkjer veteranskipsentusiasten.

Unik epoke
– Fjordabåtane sin tidsalder i Bergensområdet er truleg eineståande i verdssamanhang, hevdar den britiske forfattaren Mike Bent i boka ”Steamers of the Fjords”.

-Epoken var unik både når det kom til varighet, talet på båtar og talet på ruter, siterer Konglevoll den britiske forfattaren.

Revolusjon
Fjordabåtane revolusjonerte samferdsla på Vestlandet då dei tok til å gå faste ruter mellom Bergen om dei mange veglause øyane langs kysten.

Den første fartøya var bygde med tanke på å frakta gods og post. Passasjerane var no berre med. Etter krigen kom sjøbussane, med komfortable passasjersalongar med utsikt.

– Fjordabåtane si storhetstid var på 1950-talet, hevdar Konglevoll.

Trygt heim
Fylkesbaatane var tidleg ute med å tenkja stort og organisera rutefarten i Sogn og Fjordane. HSD vart stifta i 1868.

Herløe og Hjelme Dampskipslag vart starta på 1880-talet, og sytte for at strilar i noverande Øygarden, nordre Fjell og nordre Askøy kom seg trygt fram. Lenger sør var det først Brakstadbåtane, så Topdal-selskapet og seinare Sotra-Øygarden Rutelag som haldt ruta i alle slags vêr.

Les: Då fjorden var Riksveg 1

Etterkvart fantes det knapt ei bygd som var for lita, eller som låg for avsides til til at ikkje ”dampen” kunne leggja turen innom, i det minste eit par gongar i veka.

Les: Då fjordabåten hadde endestopp på  Straume

Turisme
Dei mange dampfløytene vart startsignalet for etableringa av ei ny næring i distrikta. Skjerjehamn er truleg det beste dømet på at eit idag tilsynelatande avsidesliggjande, men likevel strategisk plassert trafikknutepunkt, kunne gje grunnlag for etableringa av turisthotell lenger inne i fjordane. I dette tilfellet i Balestrand, Lærdal og Flåm, hevdar Konglevoll.

Les: Helgeturen: Båtturist for ein dag

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.